NRK Meny
Normal

Islamist frikjend for Bali-terror

Høgsterett i Indonesia har frikjent islamisten Abu Bakar Bashir for medverknad til terroraksjonen på Bali i 2002.

Abu Bakar Bashir er frikjend for Bali-bombene
Foto: JEWEL SAMAD / AFP

Over 200 menneske, mange av dei unge utanlandske ryggsekkturistar og studentar, vart drepne i terroraksjonen.

Bashir vart sett fri i juni etter å ha sona 30 månader i fengsel. Han anka saka inn for høgsterett for å få namnet sitt reinvaska, seier advokaten hans, men at han har rett til å krevje erstatning.

 

Fleire utanlandske etterretningstenester meiner at mullaen Abu Bakar Bashir var den åndelege leiaren for den islamistiske gruppa Jemaa Islamiha, ei ekstremistgruppe som blir skulda for å ha gjennomført både terroraksjonen på Bali og fleire andre dødelege angrep i Søraust-Asia dei siste åra.

Australia, som miste 88 av sine innbyggjarar i Bali-terroren, har skulda indonesiske styresmakter for ikkje å ta skuldingane mot Abu Bakar Bashir alvorleg nok.

Abu Bakar Bashir frikjend for Bali-terror
Foto: ED WRAY / AP

 

 

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt