Islamist avretta i Bangladesh - frykt for meir bråk

Styresmaktene i Bangladesh fryktar uro i landet etter at islamistleiaren Abdul Quader Mollah vart avretta i dag for krigsbrotsverk under frigjeringskrigen i 1971.

Abdul Quader Mollah vart hengd Dhaka torsdag.

Abdul Quader Mollah vart hengt i statsfengselet i Dhaka torsdag.

Foto: STRINGER/BANGLADESH / Reuters
Bent Tanstad
Journalist

Abdul Quader Mollah var nestleiar i det forbodne islamistpartiet Jamaat-e-Islami. Under frigjeringskrigen i 1971, då Bangladesh fekk hjelp frå India til å lausrive seg frå Pakistan, leidde han ein pro-pakistansk milits som blant anna skal ha stått bak ein massakre på 350 sivile.

Fleire hundre tusen menneske omkom eller vart massakrerte då den pakistanske hæren, i samarbeid med pro-pakistanske grupper, slo knallhardt ned på opprøret. Opprøret starta då dei dåverande styrande i Bangladesh nekta å godta at frigjeringspartiet vann det første demokratiske valet i landet i 1970.

Avretta ved henging

Demonstrasjon i Bangladesh.

Det har i fleire månader vore demonstrasjonar i Dhaka for avretting av Abdul Quader Mollah.

Foto: Pavel Rahman / Ap

Abdul Quader Mollah vart hengt i sentralfengselet i hovudstaden Dhaka i dag, etter at høgsterett avviste ein søknad om gjere om dødsstraffa. Han er dømd for drap, valdtekt og tortur.

Det var store demonstrasjonar i fleire store byar i Bangladesh med krav om at Mollah måtte avrettast straks, men også støttespelarane til Mollah tok til gatene. Minst fem menneske vart drepne tidlegare torsdag i gatekampar mellom støttespelarar av islamistleiaren og dei som demonstrerte for ei rask avretting.

Etter at avrettinga var eit faktum tok fleire hundre menneske til gatene og jubla for at Avdul Quader Mollah no var hengt.

LES OGSÅ: 152 dømt til døden i Bangladesh

LES OGSÅ: Verste opptøyer på 40 år i Singapore

Frykt for meir uro

– Endeleg har rettferda sigra, sjølv om det har teke 42 år, seier ein av demonstrantane, studenten Afzal Hossain.

Det er frykt for meir uro i landet framfor det planlagde valet. Det islamistiske partiet Abdul Quader Mollah var nestleiar for, Jamaat-e-Islami, er utestengt frå valet, men det spelar likevel ei viktig rolle i opposisjonen. Opposisjonen blir leidd av partiet Bangladesh Nationalist party (BNP).

Demonstrasjon i Dhaka.

Mange tok til gatene i Dhaka torsdag kveld for å feire avrettinga av Abdul Quader Mollah.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt