Islam Net gleder seg over dom i Strasbourg: Kan innskrenke blasfemi-ytringar

I Austerrike må ei kvinne betale ei bot for å ha sagt at profeten Muhammed var pedofil. Den europeiske menneskerettsdomstolen støttar dommen, og Islam Net jublar.

ISLAM NET

GLAD: Fahad Qureshi er leder i den muslimske ungdomsorganisasjonen Islam Net, og han ser på dommen i Strasbourg som ein stor siger.

Foto: NRK

Kvar skal grensa gå for kva som er lov til å seie om profeten Muhammed?

Ifølgje Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, kan det å kalle profeten for pedofil «føre til fordommar og truge religiøs fred».

Utsegna om profeten kom under eit seminar om islam i 2009. Der skal kvinna som heldt seminaret ha sagt at profeten var pedofil, fordi han var gift med ei seks år gamal jente.

Seminaret var i regi av Fridomspartiet, eit parti som ligg til ytre høgre og som er ein del av den austerrikske regjeringa. Kvinna vart dømd for blasfemi, og fekk ei bot på 480 euro. Ho klaga dommen inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen, og torsdag kom avgjerda.

Domstolen meiner at dommen mot kvinna ikkje er eit brot på ytringsfridomen.

Fryktar innstrammingar

– Dette er eit slag mot ytringsfridomen, seier advokat Vidar Strømme, som er sterkt kritisk til dommen.

Menneskerettsdomstolen dom

Advokat Vidar Strømme meiner dommen i Strasbourg er eit tilbakesteg for ytringsfridomen.

Foto: NRK

Strømme meiner dommen senkar terskelen for straff mot borgarar som ytrar seg blasfemisk. Ifølgje han betyr det ei innstramming av kva ein kan seie om islam og andre religionar utan å bli straffa.

– Dommen viser at ein kan ha ei slik blasfemilovgjeving utan at det kjem i strid med ytringsfridomen. Då er eg redd for at det kan kome krefter i Noreg, som vil krevje slike blasfemireglar her også, seier Strømme.

Skjønn og balanse

Tidlegare har blasfemi vore forbode ved lov i Noreg. Dette forbodet gjaldt fram til 2015, då det vart fjerna frå straffelova.

– Dommen frå Strasbourg seier at det ikkje er ei krenking av ytringsfridomen å ha denne typen lovforbod mot blasfemi som Austerrike har, seier Erlend Methi, seniorrådgjevar i Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar.

Methi forklarar at Den europeiske menneskerettsdomstolen har vore opptatt av statleg handlingsrom, og at den gir statane mykje rom til å bruke skjønn når det kjem til kva dei skal leggje vekt på.

– Domstolen har kome fram til at vektlegginga Austerrike har gjort er innanfor dette handlingsrommet, seier Methi.

Human Rights Court Strasbourg

Den europeiske menneskerettsdomstolen er ein internasjonal domstol som avgjer tvistar, når medlemsland i Europarådet vert klaga inn for brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Foto: Vincent Kessler / Reuters

Gleder seg over dommen

Ein av dei som er svært glad for dommen frå Strasbourg, er Fahad Qureshi. Han er leiar for Islam Net, som er den største muslimske ungdomsorganisasjonen i Noreg.

– Eg meiner det er ein stor siger for menneskeverdet, fordi det viser at det ikkje er greitt å håne og trakassere andre menneske, eller å trakke på dei religiøse kjenslene til andre, seier Qureshi.

Han meiner dommen viser at menneskerettsdomstolen tek ansvar, og han seier at det er viktig å halde seg innanfor retningslinjene det internasjonale samfunnet set for ytringsfridomen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt