NRK Meny
Normal

Isfront mellom partane i Ukraina

Opposisjonen nektar å snakke med president Viktor Janukovitsj før han har sparka heile regjeringa og sett fri alle som er arresterte i uroa i Kiev dei siste vekene.

Demonstrasjonar mot regjeringa i Ukraina.

Opposisjonen i Ukraina avviser eit forslag frå presidenten om nasjonal dialog.

Foto: VIKTOR DRACHEV / Afp

Opposisjonen verkar å ha fått ny sjølvtillit etter at dei greidde å slå tilbake opprørspolitiet onsdag føremiddag. Politiet prøvde å jage demonstrantane ut av det okkuperte rådhuset, men blei slått tilbake ved hjelp av vasskanonar. Opprørspolitiet vart regelrett spyla ut av rådhuset .

Opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko.

Opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko seier presidenten har stengd vegen for dialog.

Foto: VASILY MAXIMOV / Afp

Seinare måtte dei også trekkje seg tilbake frå Sjølvstendeplassen, der EU-venlege demonstrantar og andre motstandarar av den sitjande presidenten har halde stand i fleire veker. Ein del av demonstrantane tolkar dette som om presidenten ikkje lenger har kontroll over politiet.

– Vegen er stengd

Opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko, tidlegare verdsmeister i boksing, seier at politiaksjonen mot demonstrantane i Kiev natt til onsdag viser at presidenten ikkje er interessert i kompromiss, og at han no har stengt vegen for alle former for kompromiss.

Vestlege diplomatar har dei siste dagane pressa president Janukovitsj til å kome fram til ein avtale med opposisjonen, og forslaget hans om ein nasjonal dialog kan vere eit svar på dette. Opposisjonen avfeiar forslaget frå presidenten, og seier at i staden for forhandlingar, har dei blitt møtte med politikøller.

Innanriksminister Vitalij Zakharsjenko seier at dei ikkje vil slå til mot fredelege demonstrantar, men mange av demonstrantane opplevde i morgontimane onsdag som eit bevis på at regjeringa ikkje meiner dette på alvor.

LES OGSÅ: - Opposisjonen ein trussel mot den nasjonale tryggleiken

LES OGSÅ: Det ukrainske mareritt

Demonstrasjonar i Ukraina.

Demonstrantane held framleis stand inne i det okkuperte rådhuset i Kiev.

Foto: Sergei Grits / Ap

Ber om nasjonal dialog

President Janukovitsj vil ha med også den mektige ortodokse kyrkja i det han kallar ein nasjonal dialog, men den øvste leiaren, patriark Filaret, ber presidenten om å skrive under avtalen med EU.

Demonstrasjonar i Ukraina.

Litt av leiren demonstrantane har sett opp på Sjølvstendeplassen i sentrum av Kiev.

Foto: VASILY MAXIMOV / Afp

Det var då Janukovitsj avlyste ei varsla underskriving av avtalen med EU, demonstrasjonane i landet starta. Han ber presidenten også avstå frå å bruke vald mot demonstrantane.

– Meir maktbruk vil berre radikalisere protestane og føre landet nærmare ein fullskala konflikt, seier patriark Filaret i ei fråsegn i dag. Han oppmodar partane til dialog.

LES OGSÅ: Raseriet fortsetter i Kiev

– Alle alternativ opne

Det amerikanske utanriksdepartementet gjorde det klart i dag at dei held alle alternativ opne når det gjeld Ukraina, inkludert det å innføre økonomiske sanksjonar mot landet. Men talsmann Jen Psaki gjer det klart at det ikkje er teke noko avgjerd om kva USA skal gjere

USA har like fullt fordømt ukrainske styresmakter for å ha brukt vald mot fredelege demonstrantar.

Det er seint onsdag kveld relativt roleg på Sjølvstendeplassen. Det er opprørspoliti i utkanten av plassen i sentrum av Kiev, men det er ikkje meldt om samanstøytar sidan i føremiddag.

Demonstrasjonar mot presidenten i Ukraina.

Demonstrantar har plassert eit ukrainsk flagg ved sida av ei Vladimir Putin-dukke.

Foto: ALEXANDER DEMIANCHUK / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt