Hopp til innhold

Isbjørn 700 km på villspor – måtte fraktast heim med helikopter

Ein isbjørn blei funnen nær ein landsby på Kamtsjatkahalvøya i Russland, om lag 700 kilometer heimanfrå. Der blei han henta i eit helikopter og frakta tilbake til den russiske villmarka.

Onsdag i førre veke fekk innbyggarane i ein landsby på Kamtsjatkahalvøya aust i Russland besøk av ein isbjørn som hadde vandra fleire hundre kilometer på veg etter mat.

Bjørnen skal ha verka utmatta, og hadde truleg kome frå Tsjukotka, om lag 700 kilometer lenger nord i landet, skriv nyheitsbyrået AP.

Ifølgje miljøaktivistar kan bjørnen ha mista retningssansen medan han flaut sørover på eit isflak.

– På grunn av klimaendringane blir Arktis varmare, jaktområda minskar og blir mindre passande, seier Vladimir Chuprov i Greenpeace til nyheitsbyrået.

Han seier at når isen trekker seg tilbake, må isbjørnane sjå seg om etter nye måtar å overleve på. Og då er det ofte enklast å trekke mot busette område.

Isbjørn dopa ned

Isbjørnen var svolten og utmatta då han kom til landsbyen på Kamtsjatkahalvøya i søraust i Russland. Styresmaktene brukte eit bedøvande middel for å få med seg isbjørnen i helikopteret.

Foto: AP

Redningsaksjon

Isbjørnen skal ikkje ha vore aggressiv overfor folk, men berre gått stille forbi dei fastbuande. Han åt også fisk som innbyggarane hadde lagt ut, fortalde ivan Pivovarov, som bur i landsbyen, til russisk TV.

– Eg såg isbjørnen gå forbi. Han gjekk over mot byggeplassen der hundane åt fisk. Isbjørnen åt opp all fisken. Hundane gjødde, men isbjørnen brydde seg ikkje. Han oppførte seg veldig roleg.

Styresmaktene i Kamtsjatka sette måndag i gang ein redningsaksjon for å få frakta bjørnen tilbake til sitt rette element.

Isbjørnen blei bedøvd og lagt i ei kasse før han blei flogen med helikopter nordover til ein aude, snørik stad i Tsjukotka, heilt nordaust i Russland.

Der blei isbjørnen sett fri.

Isbjørnen blei frakta med helikopter frå den russiske halvøya som ligg rett nord for Japan til ein aude stad på den nordaustlege delen av Russland.

Aukande problem

Det er ikkje første gong russarar får isbjørnar tett innpå seg på grunn av klimaendringar.

I februar blei det innført unntakstilstand på den russiske øya Novaja Semlja etter at over 50 isbjørnar gjekk fritt rundt i gatene.

Då blei det sett opp ekstra gjerde for å halde isbjørnane borte, og spesialkøyretøy køyrde militære og tilsette til jobb.

Miljøstyresmaktene i Russland har nekta å gi løyve til å skyte isbjørnar fordi det er ein truga dyreart.

SISTE NYTT

Siste nytt