Hopp til innhold

IS viser musklar også i Egypt

Ei islamistgruppe som har sverja truskap til IS gjekk i dag tidleg til angrep på fleire ulike militærpostar i den egyptiske byen Sheikh Zuweid nord på Sinaihalvøya. Over 100 menneske er drepne i det som truleg er det blodigaste angrepet i Egypt på fleire tiår.

Kamphandlingar i det nordlege Sinai.

Røyk stig opp frå Sheikh Zuweid i det nordlege Sinai. Biletet er teke frå grensa mellom Israel og Egypt.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

Ein talsmann for den egyptiske hæren seier i kveld at dei har drepe over 100 opprørarar i løpet av dagen, og at 17 soldatar vart drepne, blant dei fleire offiserar. Sjukehuskjelder og kjelder i hæren har tidlegare i dag sagt til internasjonale nyheitsbyrå at over 70 soldatar og sivile var drepne. Fleire titals menneske skal vere såra i kampane.

Nokre meldingar går ut på at opprørarane heiste IS-flagg i byen. Det er vanskeleg å verifisere opplysningane, sidan området er stengt for journalistar.

Sjølvmordsbombarar

Kamphandlingar nord i Sinai.

Kamphandlingane i Sinai i dag er truleg dei verste i området på fleire tiår. Dette biletet er teke frå grensa til Gazastripa.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

Ei kjelde i hæren seier til Reuters at rundt 300 tungt væpna islamistiske opprørarar i dag tidleg samstundes gjekk til angrep på fem ulike militærpostar i Sheikh Zuweid. Angriparane detonerte fleire bomber under angrepet, også ved hjelp av sjølvmordsbombarar, og dei skaut mot soldatar frå hustak inne i byen.

Opprørarane greidde å ta seg inn i Sheikh Zuweid, der dei blant anna greidde å leggje miner i gata som fører til hovudpolitistasjonen.

IS-gruppa «Sinai-provinsen» seier dei står bak angrepet, og at dei gjekk til angrep på i alt 15 militærstillingar.

«Sinai-provinsen» sverja i fjor truskap til terrororganisasjonen Den islamske staten. Gruppa har drepe fleire hundre egyptiske politifolk og soldatar i Sinai dei siste åra, men dette er det mest omfattande og mest dødelege nokon gong.

Intensiverte angrepa

Gruppa har intensivert angrepa etter at den egyptiske hæren i oktober 2013 avsette den valde presidenten Mohammed Mursi frå Den islamske brorskapen. Egyptisk etterretning

Abdel Fattah al-Sisi

Egypts president, den tidlegare hærsjefen Abdel Fattah Al Sisi, lovar å ikkje gi opp før alle terroristar er fjerna frå Sinaihalvøya.

Foto: - / Afp

trur gruppa blir leidd av Osama Al Masry, ein islamsk skriftlærd. Dei skal ha rekruttert minst ein tidlegare offiser i den egyptiske tryggingsstyrkane.

Det er i kveld uklart om kampane i området er over, men det er klart at samanstøytane varte utover store delar av dagen. Den egyptiske hæren seier at opprørarane trekte seg tilbake etter åtte timars harde kampar. Det egyptiske luftforsvaret vart også sett inn i kampane, og F16-kampfly gjennomførte fleire angrep i løpet av dagen.

Ein talsmann for hæren seier i kveld at dei væpna styrkane ikkje vil stanse kampen før alle terrorkonsentrasjonar på Sinaihalvøya er fjerna.

For berre to dagar sidan vart Egypts riksadvokat Hisham Barakat drepen i eit bombeangrep i hovudstaden Kairo, men det er uklart om det er «Sinai-provinsen» som står bak også dette angrepet.

Som følgje av dette angrepet har presidenten, den tidlegare hærsjefen Abdel Fattah Al Sisi, innført lover som vil gjere det enklare å avrette militante opprørarar raskt.

– Opprørarar drepne i Kairo

I ettermiddag opplyste egyptiske styresmakter at ni militante islamistar var drepne av politiet i Kairo. Dei ni var væpna, og dei planla terroraksjonar, heiter det. Ein framståande medlem av Den muslimske brorskapen, den tidlegare parlamentsmedlemen Nasr Al Hafi, var ein av dei drepne.

Observatørar ser på angrepet i Sinai i dag som eit bevis på at IS er i ferd med å byggje opp ein betydeleg styrke også i Egypt. Frå før kontrollerer grupper som er lojale til IS store landområde i Irak, Syria og Libya.

Utleverer ikke Al-Jazeera journalist fra Tyskland

– Trist at Tyskland har latt seg bruke av Egypt

SISTE NYTT

Siste nytt