Hopp til innhold

IS trugar Unesco-byar i Libya

Frykta aukar for at dei romerske ruinskattane i Libya skal lide same skjebne som Palmyra etter at IS har innteke fleire byar på Unesco si verdsarv-liste.

Leptis Magna

I GOD STAND: Leptis Magna skal ha vore hovudstaden i den afrikanske provinsen i Romarriket, og er rekna for å vere ein av dei ruinane i verda som er best teke vare på.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

Medan USA og deira allierte styrkar innsatsen mot IS i Syria og Irak, har den ekstremistiske gruppa kapra nye område, langt frå den opprinnelege kjernen. Terrorgruppa skal no ha rundt 3000 krigarar i Libya, eit land prega av kaos og vald sidan Gaddafis fall i 2011 - men også eit land fullt av arkeologiske skattar.

– Øydelegging vil vere ei kulturell skandale

Førre veke annonserte IS at dei hadde teke kontroll over den romerske ruinbyen Sabratha, som er på Unesco si verdsarv-liste.

Mideast Libya

HANDELSBY: Sabratha var ein fønikisk og seinare romersk handelsby i århundra f.kr. Ruinane ligg rundt 70 kilometer vest for den morderne byen.

Foto: Tara Todras-Whitehill / Ap

Byen ligg rundt 50 mil vest for hovudstaden Tripoli, og skal sidan i fjor vore styrt av Libysk daggry. Opprørsgruppa dreiv den internasjonalt anerkjende regjeringa på flukt i fjor og sette inn si eiga regjering i Tripoli. Eksilregjeringa er no i Tobruk, og etter forhandlingar i lengre tid kan det no gå mot ein fredsavtale i FN-regi.

Men medan fredsforhandlingane held fram har IS har fått fotfeste også austafor Tripoli, og også her er romerske ruinar truga. IS rykka nyleg frå Gaddafis heimby Sirte mot Khoms. Her ligg Leptis Magna, tidlegare hovudstad i den afrikanske provinsen i Romarriket, som vert rekna for å vere ein av ruinane i verda som er best teke vare på.

Øydelegging av dei libyske ruinane, som minst er like høgt verdsett som dei i syriske Palmyra, vil verte sett på som ei kulturell skandale, skriv The Telegraph.

IS styrkar seg utanfor Syria og Irak

Området på kystlinja mot Tunisia har etter Gaddafis fall i 2011 vore kontrollerte av islamistiske grupper, mellom anna Ansar al-Sharia, som skal ha hatt treningsleirar i området for både libyske og tunisiske islamistar.

LIBYA-CONFLICT

KONTROLLERTE SABRATHA: Krigarar frå Libysk daggry i kamp med styrker frå den internasjonalt anerkjente regjeringa tidlegare i år.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

Det var i ein militærleir i Sabratha at terroristen som drepte 38 i Sousse i Tunisia i sommar hadde fått trening.

Fleire medlemmer frå Ansar al-Sharia har meldt overgang til IS, men gruppene skal også samarbeide, skriv Huffington Post, som trur at dei vil slå seg saman om IS held fram med Libya-framstøtet.

Libyarar og tunisarar utgjer dei største kontigentane av framandkrigarar i Syria og Irak, og mangelen på stabilitet aukar uroen for kva eit sterkare IS kan føre med seg her.

Abu Bakr al-Baghdadi er leder for terrorgruppen Den islamske stat

I LIBYA?: Ifølge det iranske nyheitsbyrået Fars skal Abu Bakr al-Baghdadi, leiaren av IS, ha vorte observert i Sirte nyleg, etter å ha flykta frå IS sitt hovudsete i Raqqa, som den siste tida har vorte usett for store bombeangrep frå både Russland og den USA-leia koalisjonen i Syria.

Foto: Uncredited / Ap

Islamske grupper i fleire land skal lenge ha flagga støtte til IS, men det siste året skal IS ha endra strategi og skaffa seg meir direkte kontroll utover kjerneområdet i Irak og Syria.

I tillegg til Anshar al-Sharia i Libya skal også nigeriske Boko Haram skal ha sverga truskap til terrorgruppa, og i somalske al-Shaabab skal det ifølge The Guardian vere usemje om ein skal halde fram med å vere knytt til al-Qaida eller om ein skal skifte over til IS.

SISTE NYTT

Siste nytt