IS strammar grepet om sex-slavane

Lamiya Aji Bashir (18) greidde å flykte frå IS-fangenskap på fjerde forsøket. Yazidi-jenta er blind på eine auget og ansiktet etter at ho overlevde ein landmine-eksplosjon, som tok livet av dei to jentene ho flykta saman med.

Lamiya Aji Bashar

Lamiya Aji Bashir vart halden som sex-slave hos IS i over eitt og eit halvt år.

Foto: Balint Szlanko / AP
Bent Tanstad
Journalist

Ein journalist frå det amerikanske nyheitsbyrået AP møtte Lamiya i byen Baadre i det nordlege Irak i dag, der ho bur saman onkelen og familien hans.

– Eg takkar Gud for at eg kom meg unna. Sjølv om eg hadde vorte blind på begge auga, så hadde det vore verd det, seier ho. No strammar IS grepet for å hindre at fleire av slavane deira kjem seg unna.

3000 sex-slavar

Den islamistiske terrororganisasjonen tok fleire tusen yazidiar til fange då dei erobra Sinjar-området i Irak i august 2014. Det blir rekna med at IS held rundt 3000 jenter og kvinner frå Yazidi som sex-slavar i territoriet dei kontrollerer.

Lamiya var ei desse 3000.

Ho fortel korleis ho vart sendt til Raqqa i Syria. Her vart ho misbrukt og banka opp av først ein mann. Når han vart lei av henne, selde han henne vidare til ein annan. Ho kom tilbake til Irak etter å ha vorte selt til ein IS-krigar der. Ho vart selt vidare til ein bombeprodusent, som trua henne til å hjelpe til med å lage sjølvmordsbelte.

Den siste mannen ho var slave hos var ein lege, som var sjef for eit IS-sjukehus. Også han misbrukte og mishandla henne, fortel ho.

Lamiya (19) ble holdt som sexslave - klarte å rømme fra IS på femte forsøk

Her bryter hun sammen i studio

Yazidiar på flukt i august 2014.

Biletet viser yazidiar på flukt frå IS etter erobringa av Sinjar-fjellet i Irak i august 2014.

Foto: RODI SAID / Reuters

Systera framleis fange

Ho fortel at den ni år gamle systera hennar framleis blir halden fanga av IS. Foreldra deira er truleg døde. Fem andre systrer har greidd å kome seg i fridom seinare, og desse har fått opphald i Tyskland.

Lamiya greidde til slutt å kome seg ut av det IS-kontrollerte området ved hjelp av menneskesmuglarar, som familiemedlemer hadde betalt for å berge henne. Det lukkast først på fjerde forsøket.

Meldingar frå det IS-kontrollerte området i Irak tyder på at IS no har sett i verk tiltak som skal hindre sex-slavane i å flykte. Dei har blant anna oppretta ein database med bilete av Yazidi-kvinnene og eigarane deira. På denne måten kan dei hindre jentene i å flykte gjennom kontrollpostane gruppa har langs vegane.

Dette er IS' hemmelige våpen

- IS tvang born til å lære halshogging

App til kjøp og sal

Samstundes har terrorgruppa utvikla ein spesiell app for smarttelefonar der dei organiserer kjøp og sal av kvinner. Nyheitsbyrået AP har sett ein annonse på den populære tenesta Telegram, der ei 12 år gammal jente blir presentert.

Her står det at ho er vakker og er jomfru. Prisen er no komen opp i 12.500 dollar, og ho blir selt snart, heiter det.

Talet på jenter og kvinner som har greidd å kome seg unna IS, har gått ned dei siste månadene. Tidlegare greidde rundt 134 å kome seg ut kvar månad, men no har talet gått ned til i underkant av 40.

NRK anbefaler

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt