Hopp til innhold

IS si systematiske øydelegging av verdsarven

Raseringa av det eldste kristne klosteret i Irak, er den hittil siste øydelegginga av historiske stader i Irak og Syria som terrororganisasjonen IS står bak. Fleire av stadene er på UNESCOs verdsarvliste.

Sprenging av tempel i Palmyra.

IS sprengde restane av eit stort tempel i den historiske viktige byen Palmyra i august i fjor.

Foto: Uncredited / Ap

Nyheitsbyrået AP melder at satellittbilete no viser at St. Elias-klosteret i Mosul, er lagt i ruinar . IS har ikkje formelt teke på seg skulda, men mykje tyder på at det er dei som står bak. Det liknar mykje på det dei har gjort tidlegare.

Klosteret vart bygd i år 590 og har vore i bruk i over1400 år før det vart jamna med jorda av IS. Biletanalytikar Stephen Wood i Allsource Analysis seier til Guardian at det er brukt bulldosarar og anna tungt utstyr saman med sleggjer og moglegvis eksplosiv.

– Dei er fullstendig øydelagde. Steinveggane har vorte til eit gråkvitt pulver, seier Stephen Wood.

Triumfbuen i Palmyra

Den vakre triumfbogen i Palmyra før IS okkuperte den historiske ruinbyen i Syria.

Foto: STR / Afp

Det har vore ein strategi for IS å øydeleggje historiske og religiøse minnesmerke frå tida før Islam. Taliban i Afghanistan har stått bak liknande øydeleggingar av historiske monument og viktige arkeologiske stader frå tida før profeten Mohammed grunnla Islam.

Likevel, IS er ikkje konsekvente på dette feltet. Om det kan vere pengar å tene, blir «ulovlege» gjenstandar gjerne lagt ut for sal på den internasjonale illegale marknaden. Amerikanske National Geographic meiner at slikt sal har gitt IS store inntekter.

Her er ei oversikt over historisk viktige stader som er øydelagde av IS, samla av det amerikanske magasinet National Geographic:

1. Palmyra

Det var i august i fjor at IS la ut ein video på Internett som viser den brutale øydelegginga av Baalshamin-tempelet i Palmyra i Syria. Tempelet er til minne om guden Baal. Raseringa har vekt sterke reaksjonar .

Palmyra har i langt over 1000 år vore ei viktig oase i ørkenen utanfor Damaskus. Byen var ein viktig stoppestad for karavanar som fylgde Silkevegen, og under Romarriket var det ein velståande storby og bystat.

Palmyra nådde toppen av si makt i det tredje hundreåret, då dronning Zenobia var herskar. Ho prøvde å gjere opprør mot romarane, men soldatane frå det romerske imperiet slo ned opprøret og raserte Palmyra i år 273.

IS brukte bulldosarar til å rasere veggane på tempelet, og seinare la dei ut bilete av ugjerningane på Internett.

Ruinane har halde seg godt i det tørre ørkenklimaet, og dei siste 100 åra har byen vore eitt av dei viktigaste turistmåla i Syria. Like ved ruinane ligg den moderne byen Palmyra, ein by som vart okkupert av IS i mai i fjor.

IS sa først at dei ikkje kom til å øydeleggje ruinane i Palmyra, men dette viste seg å vere tomme lovnader. I august i fjor avretta organisasjonen Khaled al-Asaad, arkeologen som hadde overoppsyn med Palmyra-ruinane.

Seinare la dei ut bilete av dei øydelagde restane av Baalshamin-tempelet og eit anna Baal-tempel like ved.

Mar Elian-klosteret i Syria.

IS brukte bulldosarar for å jamne det historiske Mar Elian-klosteret med jorda.

Foto: - / Afp

2. Mar Elian-klosteret

Det kristne klosteret Mar Elian vart erobra av IS i august i fjor, då den islamistiske organisasjonen erobra byen Al Qaryatain like ved Palmyra. Klosteret vart reist til minne om ein helgen frå det fjerde hundreåret etter Kristus. Fleire hundre kristne syrarar hadde søkt tilflukt i klosteret, og det var også eit viktig pilegrimsmål for kristne i Midtausten.

3. Apamea

Byen Apamea har vore ein viktig handelsby i Syria sidan romartida. Byen vart utsett for alvorleg plyndring heilt frå starten av den syriske borgarkrigen, også frå før IS kom inn i biletet.

Apamea var full av verdfull mosaikk frå romartida, og ein stor del er selt på den illegale marknaden.

– Ødelegger verdens eldste byer

4. Dura-Europos

Ruiner av citadeller i Dura-Europos med Eufrat i bakgrunnen.

Slik såg det ut Dua-Europos før IS og andre opprørsgrupper starta sine plyndringar og øydeleggingar.

Foto: Simon James

Dette er ei gammal gresk busetjing ved elva Eufrat like ved grensa til Irak. Byen var lenge ein av dei austlegaste utpostane i Det romerske riket. Her fanst det som truleg det som var den eldste kjende kristne kyrkja, ein vakkert dekorert synagoge og fleire romerske tempel.

Satellittbilete viser omfattande øydeleggingar og tydeleg spor etter plyndring i byen.

5. Mari

Byen Mari hadde si glanstid i Bronsealderen, mellom 3000 og 1600 år før Kristus. Arkeologar har funne restar av tempel, palass og omfattande skriftlege arkiv nedskrivne på leirtavler. Desse leirtavlene har vore viktige kjelder til informasjon om denne tida.

Rapportar frå lokale innbyggjarar og satellittbilete fortel om omfattande plyndring, spesielt i det gamle slottet i byen.

6. Hatra

Hatra i Irak vart grunnlagt i det tredje hundreåret før Kristus, som eit sjølvstendig kongedømme i utkanten av Det romerske imperiet. Arkitekturen var influert av både gresk, romersk og asiatisk byggeskikk, og byen kom på UNESCO si liste over verdsarv i 1985.

Hatra, Irak

Det er uklart kor mykje som er igjen av desse historiske ruinane i Hatra i Irak.

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

IS erobra byen i 2014, og organisasjonen har lagt ut bilete som viser øydelegging av skulpturar i fleire av dei største bygningane i byen, ved hjelp av sleggjer og automatvåpen. Dåverande UNESCO-leiar Irina Brokova kalla øydeleggingane for «kulturell reinsing».

7. Nineveh

Det assyriske riket hadde vakse kraftig mellom 900 år og 600 år før Kristus. Dei assyriske kongane hadde fleire hovudstader i det som i dag er det nordlege Irak. Nineveh var ein av desse hovudstadene, som var særleg viktig under den assyriske keisaren Sennacherib rundt 700 år før Kristus.

I ein periode var Nineveh den største byen i verda.

Den moderne byen Nineveh vart bygd delvis over ruinane av den gamle, ikkje langt frå Mosul. Mange av dei gamle gjenstandane vart samla i museum i Mosul, museum som vart grundig øydelagde og plyndra då IS tok kontroll over byen.

IS-herjingar i Nineveh.

IS-krigarar går laus på historiske gjenstandar i Nineveh med sleggje.

Foto: - / Afp

IS har lagt ut videoar som viser IS-krigarar som hogg hovuda av ein del statuar, medan dei smadrar fullstendig andre. Blant dei øydelagde gjenstandane var heilt uvurderlege statuar frå Nineveh og Hatra.

IS har også lagt ut video av sprenginga av hovudbiblioteket i Mosul, det nest største i Irak. Fleire tusen historiske dokument er øydelagde, saman med unikt gammalt utstyr brukt av arabiske vitskapsmenn.

IS legger oldtidsby i Irak i grus

8. Nimrod

Nimrod var den første assyriske hovudstaden, grunnlagt for 3200 år sidan. Britiske forskarar grov fram store mengder historiske gjenstandar rundt 1840, og mange verdfulle steinmonument vart sende til New Yorks Metropolitan Museum og British Museum i London.

IS-bilete av sprenginga av Nimrod.

Biletet e teke frå ein IS-video som skal vise sprenginga av den historiske byen Nimrod i Irak.

Foto: Ap

Mange gjenstandar vart likevel verande i Irak, og den irakiske regjeringa opplyser at IS brukte bulldosarar til å rasere det som var i museet då dei okkuperte byen. Omfanget av øydeleggingane er uklare, og det er håp om at det som ligg under bakken framleis kan vere intakt.

9. Khorsabad

Assyrisk statue frå Nimrod i Irak.

IS brukte bulldosarar for å øydeleggje denne assyriske statuen og fleire hundre andre i den historiske byen Nimrod i Irak.

Foto: Hadi Mizban / Ap

Khorsabad er også ein gammal assyrisk hovudstad, nokre få kilometer frå Mosul. Slottet vart bygd mellom år 717 og år 706 før Kristus av den assyriske kongen Sargon II. Mange av dei mest verdfulle gjenstandane frå dette slott er tidlegare sendt til Bagdad og til Det orientalske museet i Chicago og til Louvre i Paris. Men mykje var igjen.

Irakiske styresmakter veit ikkje kor omfattande øydeleggingane er etter herjingane til IS i byen.

10. Mar Behnam-klosteret

Klosteret her er frå det fjerde hundreåret etter Kristus, reist til minne om ein av dei første kristne helgenane. Klosteret overlevde då mongolane herja i området på 1200-talet, men fall i hendene til IS i mars i fjor.

IS sprengde grava til helgenen i lufta, og dei brukte også dynamitt på dei gamle utskjeringane og dekorasjonane som prega klosteret.

11. Profet Yunus-moskeen

Moskeen vart reist til minne om Jonas, kjend frå Bibelen, som blir rekna som profet av mange muslimar. I IS si tolking av Koranen er det ikkje lov å heidre Jonas og andre personar kjende frå Bibelen.

24. juli i fjor vart moskeen sprengt og fullstendig øydelagt.

12. Imam Dur-mausoleet

Dette mausoleet, som låg like ved byen Samarra, var eit unikt eksempel på islamsk arkitektur og utsmykking i Mellomalderen. Det vart sprengt i lufta av IS i oktober 2014.