Hopp til innhold

Mattrøbbel for norske forskarar i Antarktis

Ei 15 meter høg «kai» av is, som er brukt til nødvendige forsyningar, har plutseleg forsvunne. No hastar det å finne ei alternativ løysing for dei seks som skal overvintre på forskingsstasjonen Troll. Det kan bli dyrt.

Sprekk i isen på isbrem i Antarktis

Ein stor sprekk i isbremmen var eit varsel om kva som var i vente. No har ein stor bit av isen brekt av, og forsyningane til Troll må sendast inn ein annan veg.

Foto: Harvey Goodwin / Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Troll-stasjonen er isolert frå februar til november. Mat, drivstoff og alt anna som trengst i løpet av eit år blir frakta med båt til iskanten, og transportert inn til stasjonen med beltevogn.

Det skjer tidleg i januar, når det er sommar i Antarktis.

Men no er «kaia» borte. Eit svært stykke av den flytande isbremmen har brekt av, og flyt fritt i havet som eit isfjell. Norsk Polarinstitutt har brukt denne losseplassen sidan midten av 1980-talet, og årleg sidan 2004.

Nye forsyninger har nylig ankommet Troll forskningsstasjon i Antarktis

Containerskipet Malic Arctica lossar forsyningar ved iskanten. Biletet er frå januar 2021, som skulle bli siste gong det var mogeleg å leggje til her. Isen som containerane står på er borte.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Sprekk i isen

– Dette har vore eit stabilt og godt område for lossing. Iskanten er ikkje altfor høg, og vi har ei sikker rute over isen inn til Troll. Men i 2018 oppdaga vi ein sprekk i isen, fortel John Guldahl, som er direktør for Operasjon- og logistikkavdelinga i Norsk Polarinstitutt.

John Guldahl

John Guldahl, Norsk Polarinstitutt.

Foto: Eivind Molde / NRK

Guldahl fortel at dei har følgt utviklinga nøye. Dei har undersøkt sprekken fysisk og studert satellittbilete frå området.

– Vi har rekna med at ein del av isbremmen kom til å brekke av, men har vore usikker på tidspunktet. Men når det først skjedde, så gjekk det raskt, seier Guldahl.

Satellittbilete viser at området utanfor sprekken skilde lag med resten av isen ein gong mellom 26. september og 1. oktober.

«Flytebryggje» utan bru

Det som før var ei god «kai» er no blitt til ei «flytebryggje» utan bru. No er dette eit isfjell som er 13 kilometer langt og 2–7 kilometer breitt.

No jobbar Norsk Polarinstitutt på spreng med å få klar eit alternativ. Og det hastar. Frå midt i mars er det for seint å bruke båt, og då blir flystripa på isen ved Troll-stasjonen stengd. Då startar ni månader med isolasjon for dei seks som skal overvintre.

– Det er utfordrande, det skal vi ikkje leggje skjul på. Men vi har ein plan B, seier Guldahl.

For to år sidan identifiserte Norsk Polarinstitutt eit aktuelt område lenger vest. Det er mogeleg å etablere ei trygg transportrute frå dette punktet og inn til Troll. Men mange ting må likevel avklarast før den nye losseplassen eventuelt kan takast i bruk.

Fimbulisen i Antarktis

Til høgre på kartet ser vi den losseplassen som har vore brukt fram til no. Dette er no ein del av eit isfjell (1) som er 13 kilometer langt og 2–7 kilometer breitt. 2 og 3 markerer mindre isfjell. Sprekken langs det største isfjellet er 70 til 200 meter brei. Isen som har brekt av vil truleg flytte seg etter kvart. Depotet ligg framleis på trygg grunn, inne på den tjukke isbremmen. Kart: Norsk Polarinstitutt.

Foto: Copernicus Sentinel-data 2021

Store isfjell i området

– No vil vi intensivere overvakinga av området via satellitt. Vi vil også sende ned folk i november for å undersøkje isen.

Så må vi finne ut korleis isforholda er i havet utanfor iskanten der vi eventuelt skal leggje til med transportskipet vårt, seier Guldal.

Han fortel at det er fleire store isfjell i området. Og dersom det «nye» isfjellet flytter seg i retning den nye losseplassen, kan det bli danna ein «ispropp» som gjer det umogeleg for forsyningsskipet å komme inn utan støtte av isbrytar.

Troll-stasjonen i Antarktis

Den norske forskingsstasjonen Troll ligg i Dronning Maud Land i Antarktis, og blei etablert i 1989–1990.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Vil vurdere å sende isbrytar

– Vi vil vurdere å sende ned ein isbrytar. Det er eit aktuelt scenario som vi jobbar med no, seier Guldahl.

Driftsbudsjettet for Troll-stasjonen er på rundt 80 millionar kroner i året. Det inkluder flytransport av personell og frakt av forsyningar med båt frå Cape Town.

– Kor store ekstrautgifter kan det bli snakk om som følgje av det som har skjedd på den gamle losseplassen?

– Vi reknar på det no. Det kan bli ein stad mellom 10 og 20 millionar kroner. Men det kjem an på kva slags løysing vi landar på. Vi veit meir i løpet av ei vekes tid, seier Guldahl.

Overvintringsteamet på Troll i 2020

Dette er dei seks som har overvintra på Troll i år. Frå venstre: Anders Vangen (kokk), Brynjar Landmark (lege), Mads Risberg (forskingsteknikar), Tomas Furulund (mekanikar), Anders Skarpeid (elektrikar), Benjamin Larsen (røyrleggjar). Snart skal eit nytt team ta over stafettpinnen.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Har drivstofflager

Dersom plan B ikkje let seg gjennomføre, blir løysinga å gå for plan C.

– Sender vi ein isbrytar, er vi ganske sikker på at vi får dette til. Skulle det likevel ikkje gå, så har vi drivstoff nok på Troll til å drive stasjonen fram til 2023. Mat og andre varer kan vi sende med ekstra transportfly.

Aktiviteten på Troll er dermed ikkje i fare. I perioden november-februar skal dei seks som har overvintra, reise heim, og nytt mannskap skal på plass. I sommarperioden er det også stor forskingsaktivitet på stasjonen.

Og i år må det altså brukast store ressursar på å avklare spørsmåla om korleis forsyningane skal komme fram.

– Det vi har opplevd no, viser kor dynamisk og komplisert logistikken er når vi driv forskingsarbeid i Antarktis. På toppen av dette har vi også hatt koronapandemien som ei ekstra utfordring. Med tanke på planlegging og gjennomføring, er nok dette året ein av dei mest krevjande sesongane vi har hatt på Troll, seier Guldahl.

Fjellet Jutulessen i Antarktis.

Jutulsessen ved Troll-stasjonen.

Foto: Karin Jansdotter

Forskar på isbremmane

Isbremmane som flyt på havet rundt Antarktis kan altså ha praktisk nytte. Dei er eit resultat av at innlandsisen på kontinentet heile tida bevegar seg sakte utover mot havet. Isen i dette området flytter seg rundt 80 meter i året. At isen lengst ute brekker av, slik vi no har sett, er ein del av ein naturleg prosess.

Men isbremmane er også av stor interesse for internasjonale forskarar.

Både Norsk Polarinstitutt og andre forskingsinstitusjonar arbeider mellom anna med på finne ut i kva grad temperaturen i havet påverkar den flytande isen.

Om vatnet blir varmare, også inne under isen, kan det føre til at isbremmane blir tynnare. Då vil dei gi mindre motstand, slik at innlandsisen kan strøyme raskare ut i havet. Det kan føre til auka havnivåstiging.

SISTE NYTT

Siste nytt