Hopp til innhold

IS nærmar seg Palmyra igjen

Krigarar frå IS har kutta ei viktig forsyningsrute for regjeringsstyrkane utanfor verdsarvbyen Palmyra. IS skal no vere nær ved å kringsetje byen frå alle kantar, ifølgje opposisjonsgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

Palmyra 29. mars 2016.

Slik såg det ut i Palmyra 29. mars i år, då syriske styrkar tok over byen.

Foto: STRINGER / Afp

Syriske regjeringsstyrkar, godt hjelpte av russiske fly og soldatar, tok igjen kontrollen over Palmyra for ein og ein halv månad sida. Erobringa av oldtidsbyen, som står på verdsarvlista til Unesco, var ein viktig symbolsiger for Syrias president Bashar al-Assad og regimet hans.

I dag tok terrororganisasjonen IS kontroll over ein rakett-utskytingsbase mindre enn 60 kilometer frå Palmyra. Regjeringsstyrkane hadde forlate basen, men erobringa har gitt IS kontroll over ein hovudveg mellom den regjeringskontrollerte flybasen T-4 og provinshovudstaden Homs.

Skaut ned helikopter

IS-krigarar i kamp nær Palmyra.

Det var harde kampar mellom syriske regjeringsstyrkar og IS før IS trekte seg ut av Palmyra i slutten av mars.

Foto: Uncredited / Ap

Dette vil gjere det klart vanskelegare for dei syriske regjeringsstyrkane å få frå forsyningar til Palmyra.

Det har vore harde kampar rundt det store gassfeltet Shaer nordvest for Palmyra, og IS tok kontroll over feltet sist veke.

Ein radiostasjonen som støttar IS melde i dag at IS har skote ned eit helikopter for regjeringsstyrkane i ørkenen mellom Homs og Palmyra. SOHR, ei opposisjonsgruppe som har basen sin i London, melder også om nedskytinga, men seier at det er uklart korleis det har gått med mannskapet.

Før dei syriske regjeringsstyrkane igjen tok kontroll over Palmyra, var byen på IS sine hender i nesten ti månader.

– IS samarbeider med Assad-regimet

10 km frå Palmyra

Mykje tyder på at IS har no har sett i verk ein større offensiv i området rundt Palmyra. SOHR meiner offensiven er den største sidan hæren tok byen tilbake, og at den nærmaste stillinga til IS ligg berre ti kilometer frå den historisk viktige oldtidsbyen.

SOHR hentar inn opplysningane sine frå eit breitt nettverk av kjelder inne i Syria.

Både SOHR og andre opposisjonsgrupper meiner IS har hatt framgang i kampane rundt Palmyra den siste tida, men det er uklart om den siste offensiven er eit forsøk frå den islamistiske terrororganisasjonen på å ta tilbake Palmyra.

Det ville ha vore eit enormt prestisjenederlag for både president Bashar al-Assad og styrkane hans, men også for Russland. Det er derfor grunn til å tru at alt vil bli gjort for å halde stillinga i verdsarvbyen.

Grusomme IS-spor i Palmyra: Har funnet massegrav med 42 mennesker

Pentagon: – Første fase i krigen mot IS er over

CNN: IS har ikke råd til sex-slaver

Russisk symfoniorkester

For ei og ei halv veke sidan vart eit russisk symfoniorkester floge inn til Palmyra, og det vart halde ein stor konsert ved ein av dei vidkjende romerske ruinane i byen. Konserten vart sendt på fjernsyn både i Syria og Russland, og publikum vifta med både russiske og syriske flagg.

I ettermiddag spilte det verdenskjente orkesteret fra Mariinskij-operaen i St. Petersburg i den syriske oldtidsbyen Palmyra.

VIDEO: Orkesteret frå den vidkjende Mariinskij-operaen heldt konsert i Palmyra.

Syria-byer

SISTE NYTT

Siste nytt