Hopp til innhold

IS hevdar å stå bak Texas-angrep

IS sin offisielle radiostasjon hevdar at det er dei som står bak angrepet på det anti-islamske arrangementet i Garland, Texas søndag kveld.

Skyting ved antiislamsk arrangement i Texas

Politiet held att deltakarar ved arrangementet i Garland, Texas, der Muhammed-karikaturar vart stilt ut. To menn vart skotne og drepne utanfor bygningen etter å ha løyst skot mot politiet.

Foto: MIKE STONE / Reuters

– To av soldatane frå kalifatet utførte eit angrep på ei kunstutstilling i Garland, Texas. Denne utstillinga viste negative bilete av profeten Muhammed, sa IS tysdag på sin eigen radiokanal tysdag.

I tillegg viste observatørgruppa SITE på nettsida si i går til ei rekke tweets frå jihadisten "Abu Hussein AlBritani" som hevdar at angrepet i Garland vart utført av to pro-IS personar.

Konkurranse om å teikne profeten

Det var søndag kveld at to menn gjekk til angrep mot eit anti-islamsk arrangement i Garland, Texas. Dei vart mistenkte for å ha sprengstoff på seg, og vart drepne i ei skotveksling med politiet. Ein tryggingsvakt vart i tillegg skoten og såra.

Geert Wilders

ISLAMKRITIKAR: Den høgrepopulistiske politikaren Geert Wilders snakka på arrangementet.

Foto: MIKE STONE / Reuters

Arrangementet i Garland hadde i tillegg til talar av kjende islamkritikarar som Geert Wilders og Pamela Geller ein teiknekonkurranse kalla «teikn profeten», med ein førstepremie på 10.000 dollar (76.000 kroner).

Overvaka av FBI

Kjelder i politiet i Garland i Texas har namngitt begge dei to mennene. Dei to er Elton Simpson (31) og Nadir Soofi (34), som ifølgje kjelda delte husvære. FBI skal ha overvaka Simpson sidan 2006, og har rundt 1500 timar med avlytta samtalar.

Han har bl.a. snakka om å kjempe for Allah mot ikkje-truande og om planar om å reise til Afrika og slutte seg til sine «brør» i Somalia. Han vart arrestert i 2010, men vart berre dømt for å lyge til ein statleg tilsett.

Det er første gong IS har hevda å stå bak eit angrep i USA, skriv The Telegraph. Amerikanske myndigheiter er no i ferd med å undersøke motiva og omstenda rundt angrepet.

Familien til Simpson har kome med ein uttale via eit advokatfirma, og seier dei slit med å forstå det heile.

– Vi veit at mange i dette landet er nysgjerrige på om vi visste noko om Elton sine planar. Det gjorde vi ikkje, skriv dei.

Ikkje tidlegare domfelt

Mor til Nadir Soofi har fortalt The Dallas Morning News at ho heller ikkje hadde noko aning om at han ville gjere noko slikt. Soofi er ikkje tidlegare domfelt.

Ho fortel at han var politisk og religiøs aktiv, og oppteken av det som skjer i Midtausten, men at han aldri snakka om noko som liknar det som skjedde søndag.

SISTE NYTT

Siste nytt