Hopp til innhold

IS hevdar å stå bak sjølvmordsåtak i Beirut

Minst 37 er drepne og 181 skadde i to sjølvmordsangrep i ein Hizbollah-kontrollert forstad til Beirut. Islamistrørsla IS hevdar å stå bak

Mange drept og såret i to selvmordsangrep i rushtiden i Libanons hovedstad Beirut.

Kaos i Beirut etter to dødelege eksplosjonar. I morgon er det erklært sørgedag etter fredagsbøna.

Det braut ut panikk da to sjølvmordsbombarar sprengde seg sjølv i lufta i ei travel gate i ein forstad sør i Beirut.

Forstaden Bourj al-Barajneh er kontrollert av den sjiamuslimske militsgruppa Hizbollah.

Ifølgje tryggingskjelder skjedde eksplosjonane med nokre minutt mellomrom midt i rushtida.

Ifølgje libanesiske Raude kors er 37 drepne og minst 181 skadde.

Journalist Louisa Loveluck frå den britiske avisa The Daily Telegraph, skriv på Twitter at ein video på Youtube viser når den andre bomba går av.

Laster Twitter-innhold

Nabolaget har tidlegare vore råka av terror

SYRIA-CRISIS/HEZBOLLAH-BLAST A motorcycle is seen amid residents inspecting a damaged area caused by two explosions in Beirut's southern suburbs, Lebanon

Ein velta motorsykkel der ein trur ei av bombene gjekk av.

Foto: HASAN SHAABAN / Reuters

Den libanesiske sjiamuslimske militsen Hizbollah, som kjempar i Syria saman med regjeringsstyrkar, kontrollerer store område i det sørlege Beirut.

Området som blei ramma torsdag, har tidlegare blitt utsett for sjølvmordsangrep, og militante sunnimuslimske grupper har truga med å utføra fleire angrep.

Laster Twitter-innhold

Samtidig er dette ein multikulturell og folkerik forstad. Det ligg også ein palestinsk flyktningleir like ved.

IS hevdar å stå bak

Dei sunnimuslimske islamistane IS, la ut ei kunngjering på internettsida «Isdarat», der dei tok på seg skulda for angrepa.

Laster Twitter-innhold

Treng blod

Laster Twitter-innhold

Raude kors sende ut ein appell om at folk måtte gje blod, og mange har flokka til blodgjevarsentera.

Samtidig ber styremaktene folk om å halde seg unna området på grunn av tryggingssituasjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt