Hopp til innhold

«Irske reisande» kasta ut av leir

Over 50 politifolk har gått til aksjon ved leiren Dale Farm i Storbritannia for å kaste ut dei irske reisande som bur der.

Video Dale Farm

Dale Farm

Bebuarar og demonstrantar kasta murstein og andre gjenstandar på spesialpolitiet då dei rykte inn i leiren klokka 8 i dag tidleg. Leiren, som ligg i Essex i England, har vore heimen til fleire hundre medlem av «det irske reisefolket».

Elektrisiteten i leiren vart stengt av før politiet gjekk inn. Dei som protesterte skulda politiet for å stengje av straumen til livsnaudsynt legeutstyr til dei eldre bebuarane.

– Dette kjem til å bli ein seig og lang kamp. Me har tapt heimen vår, men er framleis fri i hjarta. Styresmaktene kan putte oss i fengsel, men dei kan ikkje forandre hovuda eller hjarta våre. Fordi me er eit fritt folk, seier bebuaren Mary Slattery som var ein av dei som blei kasta ut.

BRITAIN-IRELAND-HOUSING-LAW-RIGHTS-MINORITY BRITAIN-IRELAND-HOUSING-LAW-RIGHTS-MINORITY

Ein av demonstrantane vert frakta vekk av styresmaktene.

Foto: CARL COURT / Afp

BBC-journalist Jeremy Cooke, som er på innsida av leiren, skildrar situasjonen som svært dramatisk. Demonstrantane skal vere i sterkt mindretal i høve til politiet.

– Dei har møtt stor motstand her. Demonstrantane som har kasta stein har blitt «provoserte» av politiet. (skotne med elektrosjokkvåpen)

Politiet har no begynt å hente demonstrantar ned frå eit 12 meter høgt tårn som bebuarane har bygd i leiren, skriv BBC.

Dei reisande eig store delar av området der leiren er etablert, men konflikten med dei lokale styresmaktene går på at dei ikkje har fått formelt løyve til å byggje på jorda.

Utkastinga skjer etter at avgjersla om å kaste folket ut på måndag blei endeleg vedteke.

SISTE NYTT

Siste nytt