Hopp til innhold

Irland: Må kutta raskt og brutalt

Meir skatt, lågare minsteløn og kraftige kutt i velferdsordningane er noko av det irske borgarar kan venta seg dei kommande åra. I dag la det kriseråka landet fram sin spareplan for dei fire neste åra.

Video Irland legg fram fireårig spareplan

Irlands statsminister Brian Cowen er ein utskjelt mann om dagen. Onsdag la han og finansminister Brian Lenihan fram ein spareplan på 123 milliardar kroner.

Irland skal spara svimlande 15 milliardar euro, eller 123 milliardar kroner på fire år for å få økonomien på fote igjen.

– Eg har forhåpningar om at denne planen blir eit nytt tiltak for å auka tillita til ei nasjonal gjenoppbygging , sa satsminister Brian Cowen i nasjonalforsamllinga då han offentleggjorde den upopulære spareplanen onsdag ettermiddag.

Mindre ut, meir inn

Landet slit med tung gjeld, og idag heldt regjeringa pressekonferanse om korleis dei vil prøve å rydde opp, noko som er ein føresetnad for at landet skal få ein redningspakke på nærare 90 milliardar kroner frå EU og Det internasjonale pengefondet (IMF).

Den offentlege utgiftsposten skal slankast med heile 10 milliardar euro, og irane får ei skatteauke på fem milliardar euro.

– Dette er ein realistisk strategi, sa den irske finansministeren Brian Lenihan då han kommenterte spareplanen.

25 000 arbeidsplassar innen offentleg tenesteyting må også bort. Minsteløna er redusert til 7,65 euro eller 62 kroner i timen, og irane kan venta seg kutt i pensjonsordningane.

I tillegg skal meirverdiavgifta aukast til 23 prosent innan utgangen av 2014.

Held på omstridd selskapsskatt

Ireland Financial Crisis

Grafitti av den irske statsministeren og finansministeren prydar ein vegg i Dublin.

Foto: Peter Morrison / Ap

Den brutale spareplanen som vart lagt fram var stort sett som venta. Den største overraskinga var kanskje ein av dei få tinga som fekk stå urørt, nemleg den omstridde eigedomsskatten.

Låg irsk selskapsskatt på 12,5 prosent har gjort Irland attraktivt for internasjonal forretningsverksemd. Den er klart lågast i eurosonen, der dei fleste landa opererer med ein skattesats rundt 30 prosent.

Store europeiske land som Tyskland og Frankrike meiner den irske selskapsskatten har vore konkurransevridande, og at Irland har fått for mange gode selskap til å koma og leggja sine hovudkvarter i Dublin.

Men det låge skattenivået i Irland bidrog også til ei eigedomsboble som sprakk for få år sidan, sette bankane i gjeld og heva lånekostnadene for bankane og regjeringa.

«Hjørnesteinsskatt»

EU vil no pressa ein redningspakke på Irland for å kunne krevja høgare irsk selskapsskatt.

Men då statsminister Cowen presenterte spareplanen i dag, var selskapsskatten likevel ein av dei få tinga som får stå uendra.

– Denne planen stadfestar regjeringa sin sameinte posisjon for å la selskapsskatten stå uendra. Den er ein hjørnestein i vår forretningsvenlege, utadvendte industripolitikk, heiter det i den nye planen.

Irland

Ein restuarant i Dublin har sett saman ein spesialmeny i høvet den irske finanskrisa og EU-redninga.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt