Hopp til innhold

Iransk journalist avretta

Iranske styresmakter seier at dødsdommen mot Ruhollah Zam, som spelte ei viktig rolle under protestane mot det iranske regimet i 2017, er fullbyrda.

Ruhollah Zam - henrettet i Iran 12.12.2020

Ruhollah Zam vart avretta i Iran i natt.

Foto: WANA NEWS AGENCY / Reuters/NTB

42 år gamle Ruhollah Zam vart arrestert i 2019 etter fleire år i eksil i Frankrike. Der levde han under strenge tryggingstiltak.

Revolusjonsgarden hevdar at dei arresterte Ruhollah Zam i ein kompleks operasjon. Mens irakisk etterettning hevdar at det var dei som arresterte han då han landa i Bagdad i fjor. Og at dei så utleverte han til Iran

Ruhollah Zam dreiv nyheitstenesta Amadnews på Telegram frå 2015, og hadde over ein million følgjarar.

I juni i år vart han skulda for å vere «kontrarevolusjonær» og ha band til fransk etterretning, og dømt til døden.

Zam vart funne skuldig i å ha oppmuntra og eggja til dei omfattande demonstrasjonane som gjekk føre seg rundt årsskiftet 2017/2018.

Fredag stadfesta høgsterett dødsdommen.

Ruhollah Zam

Ruhollah Zam var skulda for å ha støtta motstandarar av revolusjonen i Iran.

Foto: WANA NEWS AGENCY / Reuters/NTB

SISTE NYTT

Siste nytt