Irans president Mahmoud Ahmadinejad vil ha ein jødisk stat i Europa. (Reuters/Scanpix-foto)
Det var på ein pressekonferanse i muslimane sin mest heilage by, Mekka i Saudi-Arabia, at den iranske presidenten kom med nye salvar mot jødar og mot Israel.
Sist månad vekte han oppsikt verda rundt då han sa at staten Israel burde fjernast frå kartet.
- Ein del europeiske land insisterer på at Adolf Hitler tok livet av millionar av uskuldige jødar, og dei insisterer på alle dei som ikkje trur på dette skal fordømmast og setjast i fengsel, sa han.
- Sjølv om vi ikkje aksepterer desse påstandane, så la oss tenkje oss dei er sanne. Er då Hitler sine drap på uskuldige jødar årsaka til at desse landa støttar okkupantane av Jerusalem?, heldt han fram.
- Dersom europerarane er ærlege så burde dei gi ein av sine provinsar, som i Tyskland, Austerrike eller andre land, til sionistane, og sionistane kan etablere ein stat i Europa. Gi dei eit land i Europa, og vi vil støtte ideen, sa Mahmoud Ahmadinejad.
Det er det offisielle iranske nyheitsbyrået IRNA som melder dette i dag. Ahmadinejad seier også at Israel er som ein svulst som skapar kontinuerleg konflikt.
Han skuldar også europeiske land for å trengje seg på andre statsmakter ved å etablere ein jødisk stat i eit anna område av verda.
Ahmadinejad sa også at det ikkje blir snakk om å stanse det iranske atomprogrammet.
- Irans rett til å utvikle eit fredeleg atomprogram er ikkje eit forhandlingstema, sa han blant anna.
Mahmoud Amhadinejad er i Mekka for å delta på eit islamsk toppmøte i byen.