Hopp til innhold

Iransk mann miste beina i mislukka terrorforsøk

Ein iransk statsborgar miste begge beina i det som truleg var eit mislukka terrorangrep i Bangkok i Thailand i dag. Israel åtvarar mot terrortrusselen frå Iran og den libanesiske Hizbollah-militsen.

Bombeekspertar i arbeid i Bangkok.

Bombeespertar undersøkjer åstaden for eitt av bombeangrepa i Bangkok.

Foto: NICOLAS ASFOURI / Afp

Ei bombe mannen hadde på seg eksploderte ute på gata, og eine beinet hans vart sprengt bort. Seinare måtte kirurgane på sjukehuset fjerne også det andre beinet.

Tre eksplosjonar

Bombeeksplosjon i Bangkok i Thailand.

Husværet bombemannen leigde i sentrum av Bangkok vart ramma av ein eksplosjon.

Foto: KEREK WONGSA / Reuters

Like før denne bomba gjekk det av ei bombe i husværet mannen leigde i Ekamai-området i sentrum av den thailandske hovudstaden. Like etter gjekk det av ei bombe på ein veg ikkje langt unna, opplyser politiet.

Politiet i Bangkok opplyser at det var først var ein eksplosjon i det leigde husværet. Tre menn prøvde å flykte frå staden, og den eine var mannen som miste beina i eksplosjonen.

Denne mannen kasta ei bombe framfor ein drosje som ikkje ville stanse for å ta han opp, og han kasta også ei bombe mot ein politibil. Det var då han prøvde å angripe politibilen at bomba gjekk av.

To medhjelparar

Politiet har mistanke om at det kan vere lagra ytterlegare sprengstoff i husværet mannen leigde.

To andre personar vart etterlyste, mistenkte for å ha vore med på å utløyse bombeeksplosjonane, og ein av desse vart pågripen på flyplassen seinare i dag. Ifølgje CNN er også han iransk statsborgar. Han skal ha prøvd å kome seg om bord eit fly til Malaysia.

Eksplosjonane i Bangkok kjem dagen etter at tilsette ved dei israelske ambassadane i India og Georgia vart utsette for bombeangrep og forsøk på bombeangrep.

Bombeeksplosjon i Bangkok i Thailand.

Ein mann kasta ei bombe framfor denne drosjen, etter at drosjesjåføren nekta å stanse.

Foto: KEREK WONGSA / Reuters

Israel var raskt ute med å peike på Irran og den libanesiske Hizbollah-militsen for å stå bak både i går og i dag, melder Reuters.

Ein drosjesjåfør seier til ein lokal fjernsynsstasjon at ein mann hadde kasta ei bombe framfor bilen hans då han nekta å stanse for å ta han på, like ved der den første bomba eksploderte. Drosjesjåføren vart berre lettare såra, medan bilen hans fekk til dels store skadar.

Iran avviser medverknad

Bombeeksplosjonane i dag var ikkje i nærleiken av den israelske ambassaden eller andre vestlege ambassadar i Bangkok

Iranske styresmakter avviste i går at dei var involvert, medan Hizbollah ikkje har kommentert skuldinga.

Israels forsvarsminister Ehud Barak, som var på ein kort visitt i Bangkok søndag, skulda i Singapore i dag Iran og Hizbollah for å stå bak bombeangrepa i byen i dag.

Bombeangrep i Bangkok i Thailand.

To iranske menn er pågripne etter bombeeksplosjonane i Bangkok.

Foto: NICOLAS ASFOURI / Afp

– Terrorforsøket i Bangkok viser på nytt at Iran og deira medhjelparar held fram med å utøve terror. Iran og Hizbollah undergrev stabiliteten i regionen og i heile verda, sa Barak blant anna.

Israel fryktar at verda no ser starten på ei iransk terrorbølgje.

Band til Hizbollah

Bangkok-politiet ville ikkje kommentere om det er ein samanheng mellom bombeeksplosjonane i byen i dag og pågripinga av ein libanesisk mann sist månad. Denne mannen skal ifølgje politiet ha hatt nære band til Hizbollah.

Politiet gjorde beslag av ei større mengd eksplosiv sørvest i byen like før mannen vart arrestert. USA, Israel og andre land åtvara då om stor fare for terrorangrep i område i Bangkok som blir mykje nytta av utlendingar.

Libanesaren er sikta for å ha oppbevart ulovleg sprengstoff, men det er venta at siktinga mot han blir utvida neste veke.

SISTE NYTT

Siste nytt