Hopp til innhold

Iran: –I USA bryt med atomavtala

ran skuldar USA for å bryte atomavtala med sine nye sanksjonar. President Hassan Rouhani sver likevel idet han tek fatt på sin andre periode å halde fram med den opne linja.

Rohani blir sverga inn.

Hassan Rouhani har vore president i Iran sidan 2013. I dag tok han fatt på sin andre periode. Han har eit meir pragmatisk syn på forholdet til USA og atomavtala enn dei meir ytterleggåande i den politiske eliten, blant anna den åndelege leiaren Ayatollah Ali Khamenei (t.v.)

Foto: HO / AFP

Iran meiner at USA bryt sin del av atomavtala frå 2015, som handla om å løfte sanksjonar mot landet i byte mot innsyn i det iranske atomprogrammet.

– Vi meiner avtala er broten, og vi vil handle deretter, sa viseutanriksminister Abbas Aragachi på statleg tv torsdag, og legg til at dei i alle fall «ikkje vil gå i same fella som Trump».

Rouhani vil halde fram med ei open linje

Den amerikanske kongressen vedtok førre veke ein ny lov som opnar for nye sanksjonar mot Iran, i tillegg til Russland og Nord-Korea, og i går underteikna ein svært motvillig president Donald Trump avtala, som vil gi Kongressen meir makt på hans kostnad.

I dag blei Rouhani, som vann valet i mai, teke i eid av Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei. Rouhani blir sett på som ein pragmatikar, og gjentok at han gjere det han kan for å få landet ut av isolasjonen, etter fleire tiår med sanksjonar.

– Vi vil aldri akseptere isolasjon. Atomavtala er eit teikn på Irans velvilje på den internasjonale arenaen.

EU står støtt bak avtala

Khameinei, som er ein av dei som inntek ei hardare linje ovanfor USA, gjenta at Iran må sørge for å vere sjølvforsørga og å bygge opp ein «mostandsøkonomi». Han har fleire gonger kritisert den svake veksten etter at dei fleste sanksjonane mot Iran blei fjerna i fjor.

Sjølv om Trump også er kritisk til avtala, står dei europeiske landa fast ved avtala, og har starta å gjere forretningar med Iran. Både EU og FN rosa landet seinast i juli for å halde sin del av avtala, etter ei oppdatering frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) som følger atomprogrammet.

SISTE NYTT

Siste nytt