Hopp til innhold

Iran viser militære musklar

Iran har starta ei militærøving i Persiabukta, og har prøveskote ein russiskbygd bakke til luft-rakett, melder det statlege fjernsynet.

Iranske soldatar feirar 28 årsdagen for den islamske revolusjonen.
Foto: ATTA KENARE / AFP

- Revolusjonsgarden har starta ei to dagar lang militærøving i Persiabukta og Oman-bukta for å styrkje krigs-beredskapen, heiter det i meldinga.

Som ein del av denne øvinga har styrkane prøveskote den nye bakke til luft-raketten som er levert frå Russland.

USA har reagert sterkt på det russiske salet av nye rakettar til Iran.

 

Auka spenning

Dette skjer på eit tidspunkt då den militære spenninga mellom USA og Iran aukar. USA har frå før eit hangarskip i Persiabukta, og hangarskip nummer to er på veg.

Amerikanske styresmakter har gjort det klart at USA kjem til å vere militært tungt til stades i det strategisk viktige området, og at dette er noko Iran må leve med.

 

Mahmoud Ahmadinejad
Foto: - / AFP

Samstundes går spekulasjonane om eit mogleg amerikansk eller israelsk  angrep på iranske atomanlegg. Iran nektar å gi opp landet sitt atomprogram, som styresmaktene seier berre er til sivilt bruk.

Dei vestlege landa trur Iran har ambisjonar om å utvikle atomvåpen, og både USA og Israel har gjort det klart at dei ikkje vil tillate at Iran får tilgang på slike våpen.

2-3 år frå atomvåpen

Den London-baserte tenkjetanken International Crisis Group skreiv i rapporten sin for 2007 at Iran truleg er mellom to og tre år frå å utvikle eigne atomvåpen.

Iran førebur oppriking av uran på industrielt nivå, og skal hittil ha installert over 300 sentrifugar for oppriking av uran. I neste steg skal det installerast over 3000 sentrifugar, noko som vil gjere Iran i stand til å skaffe seg den mengda opprika uran som skal til for å produsere atomstridshovud.

President Mahmoud Ahmadinejad seier at Iran aldri vil gi opp atomprogrammet sitt, og gjer det klart at landet ser på det å utvikle atomteknologi som ein rett. 

SISTE NYTT

Siste nytt