NRK Meny
Normal

Iran vil stanse oljeleveransane til EU alt neste veke

Iran truar med å stanse oljeeksporten til EU alt frå neste veke. Dette kan gi kraftig auke i oljeprisen, meiner norsk oljeanalytikar.

Irans president Mahmoud Ahmadinejad.

Irans president Mahmoud Ahmadinejad seier at Iran på ingen måte er avhengig av oljeeksporten til EU.

Foto: Vahid Salemi / Ap

EU vedtok nyleg å innføre oljeboikott av Iran, men denne boikotten blir ikkje effektiv før 1. juli. Dette for at medlemslanda i EU skal få tid på seg til å skaffe seg nye leverandørar.

Iransk anlegg ved Qom som kan være i bruk til anriking av uran

Det iranske atomprogrammet har ført til et kraftig forverra forhold til vestlege land.

Foto: Satellitt-bilde fra GeoEye / AP

Men ifølgje det iranske nyheitsbyrået Fars vil Iran kome EU i forkjøpet, ved å vedta ein stans i oljeeksporten til Europa alt frå neste veke.

Den iranske parlamentarikaren Hossein Ibrahimi seier at det blir ei avrøysting i nasjonalforsamlinga søndag over ei såkalla dobbel-krise-lov, der det blir foreslått å stanse eksporten til EU alt frå neste veke.

– Iran ikkje avhengig av EU

Irans president Mahmoud Ahmadinejad har tidlegare gjort det klart at landet ikkje er avhengig av å eksportere olje til Europa, og at Kina skal vere klar til å importere større mengde olje frå den islamske republikken.

EU importerer kvar dag 600.000 fat olje frå Iran. Land som Italia og Hellas får rundt 30 prosent av oljen dei brukar frå Iran.

Thina Saltvedt, råvareanalytiker i Nordea

Thina Saltvedt er oljeanalytikar i Nordea.

Foto: Johan B. Sættem

Oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea seier til NRK.no at dersom Iran gjer alvor av dette, vil det føre til auka oljeprisar. Ho trur at prisen raskt kan kome opp i 120 dollar fatet. I dag er prisen på 111,55 dollar fatet, tendensen er at auken vil halde fram.

Ho ser likevel ikkje teikn til panikk i marknaden.

LES OGSÅ: – Iran villig til atomforhandlinger

LES OGSÅ: ISIS: Ingen beviser for iransk atomvåpenprogram

– Strammare marknad

Thina Saltvedt trur at ein så rask avslutning på den iranske oljen til EU vil føre til ein strammare marknad. Det tek tid å skaffe nye leverandørar, og sjølv om EU-landa finn nye leverandørar, så tek det tid å få oljen til Europa.

Det er i hovudsak Saudi-Arabia som har kapasitet til å auke oljeproduksjonen så mykje at det monnar for å fylle tomrommet etter den iranske oljen. Noreg kan ikkje hjelpe sine europeiske naboar, fordi den norske produksjonen alt er på maksimalt nivå.

Det Noreg eventuelt kan gjere, seier ho, er å auke gassproduksjonen, om det skulle vere behov for det.

Stigande drivstoffpris som følgje av frykt for krise i oljemarknaden.

Det blir truleg auka prisar på drivstoff også her i landet.

Foto: FRED TANNEAU / Afp

Libya har opna oljekranene igjen etter borgarkrigen, og det kan hjelpe på situasjonen for EU.

LES OGSÅ: Vestlige krigsskip gjennom Hormuzstredet

LES OGSÅ: Oljeboikott av Iran påvirker allerede bensinprisen i Norge

Høgare pris på drivstoff

Saltvedt trur det kan bli nødvendig å bruke av naudlagera av olje som Det internasjonale energibyrået administrerer, slik det vart gjort då oljestraumen frå Libya stansa i mars/april i fjor. Då kom oljeprisen opp i 126 dollar fatet.

Oljeanalytikar Thina Saltvedt synest det er vanskeleg å spå kva konsekvensar denne siste utviklinga vil få for prisen på drivstoff her i landet. Ein auka oljepris gir meir inntekter til den norske staten, og det igjen kan føre til ei styrking av den norske krona.

Dette kan igjen ete opp litt av prisauken, seier ho, men ho trur likevel vi må rekne med prisar på bensin og diesel på over 15 kroner literen.

Normalt sett skulle oljeprisen no ha vore låg. Det har vore ein mild vinter, og etterspurnaden er låg som følgje av den økonomiske krisa i Europa.

Oljeraffineri i Corinth i Hellas.

Hellas importerer 30 prosent av oljen sin frå Iran. Her frå eit oljeraffineri i Corinth, 80 kilometer vest for Aten.

Foto: YIORGOS KARAHALIS / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt