NRK Meny
Normal

Iran stengjer ute FN-inspektørar

Iran hindra i dag FN-inspektørar i å setje opp overvakingskamera ved det iranske atomanlegget Natanz, opplyser diplomatar.

Det iranske atomanlegget i Natanz
Foto: DIGITALGLOBE / AFP

Iran har planar om å installere 3000 sentrifugar for industriell oppriking av uran, som vestlege land fryktar kan bli nytta til produksjon av atomvåpen.

Inspektørane frå Det internasjonale atomenergibyrået IAEA fekk ikkje kom inn i det underjordiske anlegget der det er meininga at sentrifugane skal monterast, melder det franske nyheitsbyrået AFP.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt