Situasjonen har vore svært spent etter at Saudi-Arabia i helga avretta sjiamuslimske sjeik Nimr al-Nimr saman med 47 andre personar.
Reaksjonane i den sjia-muslimske verda har vore sterke, og i Iran toppa det seg med angrep mot den saudiarabiske ambassaden i Teheran laurdag kveld, følgt av at Saudi-Arabia trakk ut sine diplomatar frå Iran dagen etter. Onsdag svara Iran med same mynt.
Situasjonen har skapt uro for konsekvensane for krigane i Jemen og Syria, der dei to rivalane støttar kvar sine sider.
Ingen synlege skadar på bygningen
Ifølge ein talsmann frå landets utanriksdepartement skal eit saudi-leia flyangrep ha treft den iranske ambassaden i Sana'a. Ein koalisjon leia av Saudi-Arabia har sidan mars gjennomført luftangrep mot Houthi-militsen, som kontrollerer den jemenittiske hovudstaden Sana'a, og vert støtta av Iran.
Ifølge ein reporter frå Associated Press som har vore på staden etter dette er det ingen synlege skadar på bygningen.
Den saudi-leia koalisjonen seier at dei skal undersøke om Irans skuldingar er riktige, men brigadegeneral Ahmed Asseri stadfesta til Reuters at dei utførte fleire luftangrep også onsdag kveld. Han la til at Houthi-opprørarane har søkt tilflukt i fleire tomme ambassadar, og at koalisjonen har bede alle land om koordinatar til deira ambassadar.
- Les også:
Spenningane held likevel fram
Om skuldingane frå Iran stemmer eller ikkje held spenningane mellom dei to landa held likevel fram etter at Iran annonserte torsdag at dei stoppar all eksport av saudiarabiske varer.
Dei vil også halde fram med eit forbod for iranarar mot å dra til pilegrimsbyen Mekka etter haustens tragedie der fleire hundre om ikkje tusen vart drepne, mange av dei iranarar. Iran har kritisert landet kraftig i ettertid for ikkje å ha gjort nok for å sikre tryggleiken under arrangementet.
- Les også:
Saudi-arabiske myndigheiter har foreløpig ikkje kommentert den påståtte hendinga. Utanriksministeren er i dag på besøk i Pakistan, som har uttrykt håp om at Saudi-Arabia og Iran vil normalisere forholdet seg imellom.