NRK Meny
Normal

Iran pøser ut pengar til Hamas

Iran vil gi 1,5 milliardar kroner til den Hamas-leidde palestinske regjeringa i løpet av det neste halve året.

Ismail Haniyeh saman med Irans øvste leiar ayatollah Ali Khaminei.
Foto: SUHAIB SALEM / REUTERS

Den palestinske statsministeren, Hamas-leiaren Ismail Haniyeh, sa dette til den Dubai-baserte fjernsynskanalen Al Arabiya då han kom til hovudstaden Khartoum i Sudan i dag.

- Besøket mitt i den islamske republikken har gitt oss nesten ein kvart milliard dollar, sa Haniyeh.

120 millionar dollar skal gå direkte til den Hamas-leidde regjeringa.

Ismail Haniyeh er statsminister i dei palestinske områda.
Foto: SUHAIB SALEM / REUTERS

 Samstundes har regimet i Teheran lova å betale lønna til tilsette i tre departement dei neste seks månadene.

I tillegg har  Iran lova å "adoptere" 100.000 palestinske arbeidarar , som skal få 100 dollar kvar månad dei neste seks månadene. Den same summen skal gå til 3000 palestinske fiskarar.

Første utanlandsreise

Ismail Haniyeh avslutta i dag eit fire dagar langt besøk i Iran, hans første utanlandsreise sidan han vart statsminister tidlegare i år.

 I går møtte han den øvste leiaren i Iran, ayatollah Ali Khaminei, etterfølgjaren etter ayatollah Khomeini.

Dette er den første utanlandsturen til Ismail Haniyeh, og det skjer etter at forhandlingane mellom Fatah og Hamas om ei samarbeidsregjering har brote saman.

President Mahmoud Abbas frå Fatah seier han vil lyse ut nyval både på ny nasjonalforsamling og ny president, men dette blir avvist av Hamas. Det er stor frykt for at situasjonen kan utvikle seg til ein palestinsk borgarkrig.

Internasjonal boikott

Store delar av det internasjonale samfunnet nektar å godkjenne den Hamas-leidde regjeringa før Hamas godtek at Israel har rett til å eksistere som ein sjølvstendig stat. Dette har ført til at den internasjonale hjelpa har stansa fullstendig opp.

Hamas nektar å godkjenne Israel, og dette fell i god jord hos dei islamistiske makthavarane i Teheran. Den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad har fleire gonger sagt at Israel ikkje har rett til å eksistere, og at landet skulle vore fjerna frå kartet.

- Stor skade

Talsmannen for det israelske utanriksdepartementet Mark Regev reagerer slik på den palestinske statsmninisteren sitt besøk i Teheran.

- Palestinske leiarar som har valt å alliere seg med ekstremistane i Teheran gjer folket sitt stor skade ved at dei øydelegg sjansane for politisk framgang.

Iran gir frå før stor både økonomisk og militær støtte til Hizbollah-geriljaen i Libanon.

Tidlegare denne månaden lova Qatar, ein av USA sine arabiske allierte, å betale lønna til 40.000 palestinske lærarar i fleire månader framover.

 

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt