Hopp til innhold

Iran pågreip 30 for USA-spionasje

Den iranske etterretningstenesta seier dei har sprengt eit nettverk som spionerte for USA. 30 personar er pågripne.

Irans etterretningsminister Heiar Moslehi

Irans etterretningsminister Heiar Moslehi kunne triumferande melde om arrestasjonen av 30 spionar.

Foto: ATTA KENARE / Afp

- Takka vere massivt spionasje- og kontraspionasje-arbeid av iranske agentar, har det lukkast å sprengje eit komplisert spionasje- og sabotasjenettverk med band til amerikanske spionorganisasjonar, sa etterretningsministeren i den islamske republikken, Heiar Moslehi, på iransk fjernsyn i dag.

Han var tydeleg stolt av den iranske etterretningstenesta sitt arbeid, og var raus med rosen av medarbeidarane sine.

- Eliteagentar frå etterretningstenesta har i konfrontasjonen med CIA-element greidd å pågripe 30 spionar med band til USA, heldt han fram.

Det går ikkje fram av innslaget på iransk fjernsyn om det er utlendingar blant dei pågripne.

LES OGSÅ: Iran har pågripe kvinneleg spion frå USA

LES OGSÅ: Iran løslater likevel ikke amerikansk kvinne

To amerikanske statsborgarar, Shane Bauer og Josh Fattal, har vore fengsla i Iran sidan 31. juni 2009. Dei er skulda for å vere amerikanske spionar, og for å ha teke seg ulovleg inn i Iran.

Dei seier sjølve at dei var på fottur, og at dei ikkje visste at dei hadde kryssa grensa til Iran.

LES OGSÅ: - EU utvider Iran-sanksjoner

LES OGSÅ: Iraner dømt til å bli blind - Norge fordømmer

LES OGSÅ: Bitter maktkamp i Irans elite

LES OGSÅ: Slik overvåker Iran i Norge

LES OGSÅ: Slo ned demonstrasjon i Irans hovedstad

LES OGSÅ: Iran har pågripe kvinneleg spion frå USA

SISTE NYTT

Siste nytt