Hopp til innhold

Iran har formelt varsla IAEA

Iran har gjeve beskjed til Det internasjonale atomenergibyrået IAEA at dei vil starte oppriking av uran til 20 prosent.

Arbeidet med å opprike utan til 20 prosent startar alt tysdag, seier den iranske utsendingen til IAEA, Ali Ashgar Soltanieh.

Den offisielle beskjeden om dette vart gitt i eit brev som vart overlevert i eit brev til IAEA, melder det statlege fjernsynet i landet.

Iran har dei siste dagane gitt motstridande synspunkt på samarbeidet med IAEA.

Høgopprika uran kan brukast til å framstille atomvåpen.

SISTE NYTT

Siste nytt