Dette betyr at heile atomprogrammet til Iran no er i gang igjen, bortsett frå sjølve prosessen med å rike uran. Men landet har gjort det klart at dei kjem til å starte opp igjen det også.
Dermed er Iran på kraftig kollisjonskurs med den vestlege verda.
Den iranske avgjerda har ført til sterke reaksjonar frå USA og EU, og det er venta at Iran no blir klaga inn for Tryggingsrådet i FN. Dette for å få innført økonomiske sanksjonar mot det iranske regimet.
Sverre Lodgaard, direktør i NUPI, trur Iran risiserer angrp mot landet sine atomanlegg.
Direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt, Sverre Lodgaard, fryktar at den steile haldninga til Iran om atomprogrammet, kan føre til militære aksjonar mot landet.
Det er først og fremst USA og Israel som kan tenkjast å gå til angrep på dei kjernefysiske anlegga og den militære infrastrukturen i den islamske republikken.
Det at Iran no gjenopptek det kjernefysiske forskingsprogrammet sitt gjer at det no blir vanskelegare for det internasjonale samfunnet å samarbeide med den islamske republikken, trur Lodgaard.
EU, Israel og USA er sikre på at Iran ynskjer å framstille atomvåpen, sjølv om iranske styresmakter seier at programmet berre er til sivile føremål.
Mohamed ElBaradei er sjef for IAEA.
Sjefen for Det internasjonale atomenergibyrået IAEA, fredsprisvinnaren Mohamed ElBaradei, seier at det internajsonale samfunnet sitt tolmod med Iran snart er slutt.
Russland har foreslått overfor Iran eit samarbeid om atomprogrammet slik at all riking av uran skal skje i Russland, og Iran har ikkje heilt avvist dette.
Ein iransk talsmann seier at det skal vere eit nytt forhandlingsmøte med Russland 16. februar.