Israel har lenge hevda at det ikkje er nokon veg utanom konfrontasjon mellom Israel og Iran, ikkje minst for å hindre at Iran greier å lage atomvåpen.
Men Irans president Mahmoud Ahmadinejad legg seg alt anna enn flat, og varslar motstand dersom Israel legg seg ut mot Iran og atomprogrammet.
– I utgangspunktet tek vi ikkje truslane frå sionistane seriøst, men vi har sterke middel til disposisjon, og vi er klare til å forsvare oss sjølve, seier Ahmadinejad.
Dette er første gong Iran har innrømt at ein væpna konflikt med Israel er ein moglegheit. Tidlegare har Iran omtalt dei israelske truslane som ein bløff.
- LES OGSÅ:
Meiner diplomati er for tidkrevjande
TRUAR: Statsminister i Israel, Benjamin Netanyahu, meiner ein konfrontasjon mellom Israel og Iran er uunngåeleg.
Foto: AMMAR AWAD / ReutersStatsminister i Israel, Benjamin Netanyahu, har tidlegare gitt uttrykk for at Israel kan finne på å gå til åtak på atomanlegget til Iran, fordi han meiner diplomatiet tek for lang tid.
Netanyahu har kritisert den amerikanske ståstaden om at tidkrevjande sanksjonar er løysinga for å hindre Iran i å utvikle atomvåpen.
– Medan vi er svært klare til å forsvare oss sjølve, tek vi ikkje desse truslane seriøst, understrekar Ahmadinejad.
Nektar å gi opp atomprogrammet
Ahmadinejad deltek i dag i eit toppmøte i FN sitt hovudkvarter. Dette er eitt av fleire møter i framkant av FNs generaldebatt som startar tysdag morgon.
Frå talarstolen gjekk han til krast åtak mot vestlege krefter som arbeider for å avskaffe det iranske atomprogrammet.
Israel, og mange andre vestlege land, meiner Iran er i ferd med å utvikle atomvåpen, medan iranarane hevdar programmet berre skal brukast til fredelege føremål.
– USA, England og Frankrike bryt med grunnleggjande rettar og fridomar til andre land, sa han i eit hissig debattinnlegg under FN-toppmøtet, der han fordømte tryggingsrådet sine sanksjonar mot Iran.
Ahmadinejad held fast på at atomprogrammet i Iran er fredeleg, og seier det har som mål å generere elektrisitet, ikkje produsere atomvåpen.