Hopp til innhold

Iran avviser arrest av USA-soldatar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Sju amerikanske soldatar er arresterte i Iran etter at dei prøvde å ta seg inn i landet, melder det iranske nyheitsbyrået Fars. Iranske og amerikanske styesmakter avviser meldinga.

- Sju amerikanske soldatar vart arresterte i den søraustlege delen av landet. To iranarar som var saman med skal ha greidd å stikke av, heitte det i meldinga, som seinare vart trekt tilbake.

Ei nettside som står nær den iranske revolusjonsgarden melde at dei sju var pågripne ved Saravan, nær grensa til Pakistan. Det blir ikkje sagt noko om når pågripingane skjedde, heller ikkje om soldatane framleis er i iransk varetekt.

I ei fråsegn sendt ut på det statlege iranske fjernsynet blir det avvist at det er gjort slike arrestasjonar. Litt seinare trekte nyheitsbryået FARS tilbake meldinga om pågripingane.

Det amerikanske forsvarsdepartementet, Pengaton, avviser også meldinga. Ingen amerikanske soldatar er sakna, blir det opplyst.

Ein talsmann for dei amerikanske styrkane i Afghanistan, kaptein Ryan Donald, seier at ingen amerikanske soldatar er sakna eller har blitt pågripne av iranske militære

SISTE NYTT

Siste nytt