Hopp til innhold

Iran avfeidde Bush-skuldingar

Iran avfeier åtvaringane frå Georg W. Bush om at dei er «trugsmål mot amerikanske soldatar», melder det offisielle nyhendebyrået IRNA.

Sverd.
Foto: BULLIT MARQUEZ / AP

Den amerikanske presidenten sa dette i talen sin om tilstanden i USA måndag.

- Diverre har me høyrt Bush koma med desse grunnlause og uviktige skuldingane mot Iran i sju år no, sa talsmann for utanriksdepartementet Mohammad Ali Hosseini.

- Me rår den amerikanske presidenten til å bry seg om det dei verkelege problema som amerikanarane slit med den tida han har att som president, som den økonomiske stagnasjonen og det alvorlege nervøse samanbrotet som dei motlause amerikanske styrkane opplever i Irak, sa Hosseini ifylgje IRNA.

George W. Bush
Foto: TIM SLOAN / AP

I talen sin måndag sa Bush at Washington vil «konfrontera dei som trugar troppane våre, me vil stå ved sida til våre allierte, og me vil forsvara dei viktige interessene våre i den persiske golfen».

Meldinga hans gjalla utover ein tidleg januar-konfrontasjon mellom amerikanske og iranske fartøy i Hormussundet og kom samstundet som USA pressar på for å få FN til å gå inn for nye sanksjonar mot Teheran og det omstridde atomprogrammet deira.

SISTE NYTT

Siste nytt