Hopp til innhold

Iran åtvarar europeiske soldatar i Midtausten

Irans president seier europeiske soldatar i Midtausten «kan vere i fare». Det skjer etter at tre europeiske land klaga inn Iran for brot på atomavtalen.

Irans president Hassan Rouhani

I eit TV-overført regjeringsmøte sa Irans president Hassan Rouhani blant anna at europeiske soldatar i Midtausten kunne vere i fare. Tysdag klaga Storbritannia, Frankrike og Tyskland inn Iran for brot på atomavtalen.

Foto: AFP

President Hassan Rouhani kom med åtvaringa i ein tale under eit regjeringsmøte som vart overført på iransk TV.

Det er første gong Rouhani har trua Europa etter at USA einsidig gjekk bort frå atomavtalen i 2018. Dei europeiske partnarlanda har prøvd å redde avtalen frå 2015, men det har vist seg vanskeleg å motverke amerikanske sanksjonar.

Tidlegare i januar sa også Iran at dei ville sjå bort frå dei avgrensingane i avtalen som gjeld oppriking av uran. Avgjerda blei kunngjort få dagar etter at USA tok livet av den iranske generalen Qasem Soleimani i eit droneangrep.

Angrepet skal ha påverka avgjerda, men var ikkje avgjerdande, ifølgje fleire nyheitsbyrå.

Donald Trump med dokumentet som viser at USA trekker seg fra atomavtalen

I 2018 trekte president Donald Trump USA ut av atomavtalen med Iran. Dei europeiske landa har prøvd å redde avtalen, men det har vore vanskeleg.

Foto: Evan Vucci / AP

Skal møtast i Wien

Det var Storbritannia, Frankrike og Tyskland som tysdag klaga inn Iran for brot på avtalen og dermed utløyste ein tvisteløysningsmekanisme som er nedfelt i han. Det kan mellom anna føre til at FN-sanksjonar mot landet blir gjeninnført.

Partane skal etter planen møtast i Wien seinare denne månaden for å prøve å finne ei løysing på konflikten, melder nyheitsbyrået AFP. Dei har då i utgangspunktet 15 dagar på seg til å finne ei løysing, men kan bruke lengre tid dersom dei blir samde om det.

Skulle drøftingane ikkje føre fram, blir saka sendt til Tryggingsrådet i FN. Då blir sanksjonane automatisk gjeninnført, med mindre rådet stoppar det.

EU var nær å bruke klagemoglegheitene seint i fjor, men valde då å avvente situasjonen fordi det ville ta konflikten inn i ein ny og usikker fase, seier Ellie Geranmayeh i European Council on Foreign Relations (ECFR) til AFP:

– Det var eit spørsmål om tid om når dei kom til å gjere det. Presset frå USA er definitivt i ferd med å auke, seier ho.

Vil ha fjerna våpenembargo

Den iranske økonomien er allereie svært pressa på grunn av straffetiltaka som blei innført av USA i 2018. Analytikarar som AFP har snakka med meiner difor ei gjeninnføring av sanksjonar frå FN ikkje vil ha så mykje å seie.

Men president Rouhani ønsker likevel å unngå at sanksjonane blir gjeninnført fordi dei blant anna omfattar eit våpenembargo som blir avslutta i oktober 2020.

Rouhani sa i november at fjerninga av forbodet var eit viktig tryggingspolitisk mål for Iran.

SISTE NYTT

Siste nytt