Det var svarte skjermar på det statlege irakiske fjernsynet i dag, og ei kjelde i Informasjonsmininsteriet i Bagdad seier til nyheitsbyrået Reuters at årsaka truleg er dei kraftige angrepa på informasjonsministeriet sine bygningar.
Sist veke var stasjonen ute av drift i ein periode, men sendingane vart tekne opp att etter kort tid.
Det er denne stasjonen Saddam Hussein brukar når han talar til folket. Amerikanske tenestemenn seier til Reuters at fjernsynsstasjonen også har militære funksjonar.
Den internasjonale irakiske satellittkanalen, som tidlegare også har vore ute av sending etter bombing, heldt fram sendingane sine i føremiddag.