Den amerikanske overkommandoen i Tampa i Florida, som har ansvaret for dei amerikanske militære operasjonane i Persiabukta, seier i ei fråsegn at bombeflya angreip eit kontroll- og kommandosenter like ved byen Al Kut. Alle flya vende uskadde tilbake frå operasjonen.
Angrepet skjer som et svar på fleire irakiske forsøk på å skyte ned amerikanske og britiske fly som patruljerer i flyforbidssonene i det sørlege Irak, heiter det i fråsegna frå overkommandoen.
Irakiske styresmakter har ikkje kommentert angrepet, og det er uklart kor store skadar som er gjort eller om nokon er skadd.