Naji Sabri kallar den britiske planen, der det er lista opp seks krav som Irak må oppfylle for å unngå ein krig, rein polering av ein resolusjon som er avvist av eit stort fleirtal i Tryggingsrådet i FN.
Iraks utanriksminister Naji Sabri avviser det britiske utspelet. (Reuters-foto)
Den britiske planen vart lagt fram for medlemslanda i Tryggingsrådet i eit lukka møte i går. Både Frankrike og Russland har alt avvist forslaget.
Britane krev blant anna at Saddam Hussein skal stå fram på fjernsyn og vedgå av Irak har gøymt unna ulovlege våpen, og love at dei skal øydeleggast. Dei krev også at Irak skal gjere greie for landet sine lager av biologiske og kjemiske våpen, og at arbeidet med å øydeleggje Al Samoud-rakettane skal halde fram.
Naji Sabri seier også at Irak no førebur seg på krig.
Frankrikes utanriksminister Dominique de Villepin seier i ein kommentar at Franrike ikkje godtek det britiske forslaget fordi målet er å få til ei fredeleg nedrusting, ikkje å gå Irak nokre få dagar ekstra før det blir brukt makt.
Villepin seier det er heiilt uakseptabelt for Franrike at det blir framsett eit ultimatum om at Irak må rette seg etter desse krava innan 17.mars. - Vi avvviser ultimatumet sin logikk, sa Villepin blant anna.