Eit offentleg bygg i sentrum av Kinshasa skal ifølgje nyheitsbyrået AFP stå i full brann etter at hundrevis av ungdommar sette fyr på bygget. Fleire fangar skal vere rømte frå eit fengsel i tilknyting til det påtente bygget.
Ungdomsgjengane har i heile dag vore ute i hovudstadens gater for å protestere mot eit lovforslag som skal bli handsama i landets parlament i dag.
Det har vore mange kampar mellom demonstrantar og politi i Kinshasa dei siste dagane.
Foto: John Bompengo / ApSkrudd av internett
Lova vil kunne utsette det planlagde valet i Den demokratiske republikken Kongo i 2016, og dermed føre til at president Joseph Kabila får sitte lengre ved roret.
Opposisjonen i landet har oppmoda til protestar, og det har vore uroleg i hovudstaden Kinshasa i fleire dagar. I går skal minst tre personar ha blitt drepne, to sivile og ein politimann.
- LES OGSÅ:
Styresmaktene har også skrudd av internettet i hovudstaden, men har ikkje gitt noko offentleg forklaring på kvifor dei har gjort det.
Det er president Joseph Kabila sitt lovforslag om å gjennomføre eit nytt manntal i landet som skaper frykt for at han kan bli sittande i fleire år framover.
Foto: TUTONDELE MIANKENDA / AfpKabila har regjert i 14 år
Kongo har ei lang, konfliktfylt historie bak seg. Landet var opphavleg ein belgisk koloni, fram til 1960 då det nærast over natta vart eit sjølvstendig land. Nærast ingen av innbyggjarane i det enorme landet hadde utdanning, og i åra som følgde var det ulike diktatorar som regjerte.
- LES OGSÅ:
I 2001 vart Joseph Kabila sett inn som ny leiar av landet. I ein alder av 28 år skulle han leie det ressursrike landet.
Kabila vann det første frie valet i Kongo i 2006, og det same gjorde han i 2011. Etter landets grunnlov skal hans regjeringstid eigentleg vere over i 2016. No prøver Kabila å få gjennomført eit nytt manntal i Kongo, som ifølgje ekspertar kan utsette valet i opptil tre år.
Ikkje første som prøver å forlenge
Om Kabila faktisk prøver og klarer å sitte lengre ved makta, så er han ikkje den første afrikanske presidenten som klarer nettopp det. Døma er mange, men sistemann som prøvde seg feila stort.
Fleire hundre demonstrantar skal i dag ha sett fyr på eit offentleg bygg i Kinshasa. Her frå gårsdagens protestar.
Foto: John Bompengo / ApBlaise Compaore vart kasta som president i Burkina Faso i fjor haust då store folkemengder samla seg i gatene i hovudstaden Ouagadougou for å protestere mot Compaores forsøk på lovendring, som kunne føre til at han kunne stille til val på ny.
Det er også uroleg i Aust-Kongo der væpna grupper driv ein geriljakrig, og er skulda for å stå bak drap og grove valdtekter.
- LES OGSÅ: