Hopp til innhold

Internett kokar etter Trump sin siste Tweet

Der er inga nyheit at den amerikanske presidenten er glad i å ytre seg på Twitter. Men litt over midnatt amerikansk tid kom det ei melding som har fått internett til å koke over. No morar også presidenten seg over den merkelege tweeten.

Trump The Latest Donald Trump

Mange spekulerer i kva som skjedde då president Donald Trump publiserte denne meldinga. Truleg var den ikkje ferdig skriven.

Foto: Susan Walsh/Skjermdump (Montasje) / AP

I løpet av vekene Donald Trump har vore president, har han heldt fram med å bruke Twitter til å forsvare seg sjølv, kritisere politiske motstandarar og til å angripe pressa.

Trass i at han har tatt over kontoen @POTUS (President of the USA), har Trump framleis brukt sin private konto. Og med sine 31 millionar følgarar på Twitter, vert meldingane frå Trump lagt merke til, kommentert, diskutert og debattert dagleg i diverse forum.

– Kven klarer å finne meininga med «covfefe»? Ver så god!

Men natt til onsdag la presidenten ut ei melding som truleg ikkje var ferdig skriven. Meldinga vart lagt ut klokka 06.06 norsk tid (00.06 amerikansk tid).

«Despite the constant negative press covfefe» skreiv presidenten.

Meldinga vart sletta etter knappe seks timar. Trump tweeta kort tid etter at han sletta den halvferdige meldinga, der han spøka med den uferdige meldinga.

«Kven greier å finne den eigentlege meininga med «covfefe?» Ver så god!» skriv presidenten.

Laster Twitter-innhold

#Covfefe trendar og kommentarfeltet spekulerer

Twitter trends
Foto: Skjermdump / NRK

Ein knapp time etter at meldinga vart lagt ut, hadde «covfefe» blitt Twitter sitt mest brukte ord i USA. No trendar det også i fleire andre land.

«Trending» kjem av Twitter sin oppsamlingsfunksjon som samlar alle meldingar som er merka med ein emneknagg og eit spesifikt ord. #Covfefe ligg øvst. Og nettstaden covfefe.com vart registrert som domene etter berre få minutt.

Ikkje uventa har kommentarfeltet til den spesifikke meldinga fløymt over av teoriar og forklaringar på kva som skjedde då meldinga vart publisert, tilsynelatande uferdig. Men meldinga er no borte, det same er kommentarane.

Twitterreaksjon

Reaksjonane strøymer på i kommentarfeltet til meldinga.

Foto: Skjermdump / NRK

Dei fleste meiner at presidenten meinte å skrive «coverage», for å vise til negativ presseomtale. Fleire nettaviser har kasta seg på snakkisen, blant anna Techcrunch.com, The Washington Post, The Guardian, The Australian og Los Angeles Times.

Twitterreaksjon

Enkelte har byrja spekulere i korleis ein skal uttale ordet.

Foto: Skjermdump / NRK

Har hissa på seg mange gjennom Twitter

Kort tid etter Donald Trump hadde flytta inn i Det kvite hus underteikna han presidentordren som gav grønt lys til å bygge muren mot Mexico. Dette skapte igjen ei spent stemning mellom han og presidenten i Mexico, Enrique Peña Nieto, som avlyste eit møte med Trump i Washington.

På Twitter skreiv Trump at handelsavtalen NAFTA var ein avtale som berre gagna Mexico, og dersom dei ikkje kom til å betale for muren var det like greitt at Nieto avlyste møtet.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Donald Trump har retta sterk kritikk mot to av dei største avisene i USA, The New York Times og The Washington Post.

På Twitter har «The Donald» fleire gonger kalla dei for «falske nyheiter», han har hevda at lesarane forsvinn frå dei to avisene, og han har kalla media for «opposisjonspartiet».

Laster Twitter-innhold

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

«Washington-eliten»

På dagen han vart sverja inn som USAs 45. president heldt Donald Trump fram med å kritisere politikarane i Washington D.C. for å ha fjerna makta frå det amerikanske folket. Han kritiserte også «politikareliten» for å ha gløymt delar av dei amerikanske innbyggjarane.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt