Hopp til innhold

Internasjonalt kursfall etter at Oljefondet går ut av oljeselskap

Olje- og gassaksjane fall brått etter avgjerda om å trekkje Oljefondet ut av mange oljeselskap.

Oppslag i Bloomberg

Avgjerda om å slutte å investere i selskap som leitar etter olje og gass var toppoppslag i internasjonale medium fredag.

Dei internasjonale nyheitsbyråa sende ut hastemeldingar straks nyheita kom om at Oljefondet droppar ein femdel av oljeinvesteringane, og går ut av reine leite- og produksjonsselskap.

Den europeiske oljeindeksen var ned 1,6 prosent. Og prisane på eit fat nordsjøolje fall med 1,4 prosent.

Ei rekkje oljeselskap opplevde kursfall i minutta som følgde. Oljegigantane BP gjekk ned med 1,9 og Shell med 2,2 prosent. Equinor gjekk ned rundt 2 prosent på Oslo Børs.

Shell

Aksjane i oljeselskapet Shell falt med 2,2 prosent i løpet av få minutt etter at Finansdepartementet si avgjerd blei kjent.

Foto: Paul Ellis / AFP

Marknaden feiltolka

Marknaden tolka dei første meldingane som at alle selskap som driv med olje- og gassverksemd kom til å bli råka.

Det førte til at verdien av selskapa fall, sjølv om verken BP, Shell og Equinor er blant dei selskapa Finansdepartementet no foreslår å ekskludere.

Skal framleis investere i olje og gass

Finansdepartementet presiserte sidan at planen er å berre trekkje ut Oljefondet frå dei reine leite- og produksjonsselskapa. Oljeforndet skal framleis ha investeringar i olje- og gasselskap dersom dei har gjort investeringar i fornybvar energi.

Desse investeringane er på rundt 223 milliardar kroner.

Det medførerer at Oljefondet framleis skal eige aksjar i selskap som Exxon, Shell og BP.

Financial times

Oljefondet toppoppslag i Financial Times.

Regjeringa si avgjerd vil gjelde 134 selskap som Oljefondet i dag har investert 70 milliardar kroner i.

SISTE NYTT

Siste nytt