NRK Meny
Normal

Interfax: Har identifisert person frå Sentral-Asia

Styresmaktene i Russland har identifisert ein 23 gammal mann frå Sentral-Asia som ansvarleg for bombeangrepet mot metroen i St. Petersburg i ettermiddag, melder Interfax.

Videoer viser scenene etter at en bombe eksploderte på en metrostasjon i St. Petersburg.

VIDEO: Kaos etter eksplosjonen i St. Petersburg

Bent Tanstad
Journalist

Byrået siterer anonyme kjelder på at personen har band til radikale islamistar.

Interfax melder også at personen som vart fanga opp på overvakingskamera har meldt seg, og at han nektar for å ha noko å gjere med eksplosjonen.

Tidlegare melde byrået at to personar er mistenkte for å ha planlagt bombeangrepet, og at bomba var plassert i ein stresskoffert, som vart lagt igjen i ei av vognene.

Ein av dei er mistenkt for å ha plassert bomba som gjekk av, medan den andre er mistenkt for å ha plassert ei bombe på ein annan stasjon, og som politiet uskadeleggjorde.

Hatt og skjegg

Ei russisk nettavis har offentleggjort eit bilete av ein mann med hatt og skjegg, som politiet skal vere på jakt etter i samband med eksplosjonen.

Såra mann i St. Petersburg.

Ein såra mann får hjelp av helsearbeidarar etter eksplosjonen på metroen i St. Petersburg.

Foto: Alexander Bulekov / AFP

Komiteen som har ansvaret for etterforskinga seier på si nettside at saka blir etterforska som ei terrorhandling, men at dei vil sjå på også andre moglege motiv.

Minst 10 menneske er drepne i eksplosjonen, medan rundt 50 andre er såra. Nettavisa fontanka.ru melder om 14 drepne, men dette er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Augevitne fortel om ein kraftig eksplosjon, og at vedkomande hadde sett fleire lemlesta menneske på staden. Elevar frå ei norsk skuleklasse oppheldt seg på ein stasjon like ved der eksplosjonen skjedde, men ingen av dei vart skadd.

Metroen i St. Petersburg vart heilt stengt etter eksplosjonen, men i kveld er trafikken delvis i gang igjen.

Eksplosjon i St. Petersburg.

Minst 11 menneske miste livet i eksplosjonen på metroen i St. Petersburg. Dette biletet viser såra menneske utanfor vogna der bomba gjekk av.

Foto: AP
Eksplosjon i St. Petersburg

Folk utanfor metrostasjonen reagerte med sorg og sinne etter bombeeksplosjonen.

Foto: Alexander Bulekov / AFP

Truleg terroraksjon

Eksplosjonen, som etter alt å dømme er ein terroraksjon, skjedde medan president Vladimir Putin var på besøk i St. Petersburg. Han sat i eit møte med sin kviterussiske kollega Alexander Lukasjenko då han fekk melding om eksplosjonen.

– Eg oppmodar alle innbyggjarar og alle gjestar i St. Petersburg om å vere på vakt, og å oppføre seg fornuftig og vere vaktsame, sa Vladimir Putin til russisk fjernsyn i ettermiddag.

Putin seier at dei enno ikkje kan slå fast 100 prosent at det er snakk om terror, men statsminister Dimitrij Medvedev brukar uttrykket terror på Facebook-sida si.

Putin har i kveld besøkt stasjonen og lagt ned blomar.

Vladimir Putin i St. Petersburg

Vladimir Putin i St. Petersburg.

Foto: Grigory Dukor / Reuters

Militante islamistar

Ingen har teke på seg skulda for bombeeksplosjonen på metroen i den nest største byen i Russland. Den kraftige eksplosjonen skjedde klokka 14.20 lokal tid, klokka 13.20 norsk tid, mellom stasjonane Teknologisk institutt og Sennaja Plosjtsjad.

Mistanken går i retning militante islamistar, som også tidlegare har stått bak angrep på mål både mot fly, metro og jernbane. Det siste stadfesta terrorangrepet var i oktober 2015 då terrororganisasjonen IS tok på seg skulda for at eit russisk fly styrta på Sinai-halvøya i Egypt.

Alle dei 224 om bord vart drepne. Truleg var det smugla ei bombe om bord i flyet.

Det har vore spekulert om terror var årsaka til flystyrten nær Sotsji 1. juledag i fjor, der medlemene i det verdskjende Alexandrov-koret var blant dei 92 omkomne.

Minnest dei døde etter St. Petersburg-bombe

I kveldinga byrja folk å tende lys og leggje ned blomar ved metrostasjonen i St. Petersburg.

Foto: Olga Maltseva / AFP
Eksplosjon i St. Petersburg.

Slik såg det ut på metrostasjonen etter bombeeksplosjonen.

Foto: Str / AFP

– Heimelaga bombe

Russiske styresmakter gjekk tidleg ut og sa at det var snakk om eit terrorangrep, men dei gjekk seinare tilbake på det. Dette fordi dei vil vere heilt sikre på at det var snakk om terror før dei slår det fast.

Bomba som gjekk av har vorte karakterisert som heimelaga og fylt med naglar eller splintar for å gjere mest mogleg skade.

Dette vet vi om metro-eksplosjonen i St. Petersburg

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt