Hopp til innhold

Intense vindkast og kraftig regn

Den austlege delen av Filippinane er ramma av intense vindkast og kraftig regn etter at tyfonen «Hagupit» nådde land på øya Samar i ettermiddag norsk tid. Førebels er det ikkje meldt om alvorlege skadar, men straumen er borte fleire stader.

Tyfon på Filippinane.

Evakuerte menneske prøver å sove i eitt av dei mange evakueringssentera i landet. Dette biletet er frå Legazpi.

Foto: Aaron Favila / Ap

Den filippinske vermeldingstenesta Pagasa opplyser at vinden har ei fart på 210 kilometer i timen. Sjølv om vindstyrken ikkje kjem opp mot den katastrofale tyfonen som ramma landet i november i fjor, er dette den sterkaste stormen som har ramma landet hittil i år.

Truleg er «Hagupit» verre enn tyfonen som ramma landet i juli i år, då minst 100 menneske miste livet.

– Tak rivne av

Tyfonen Hagupit 6. desember.

Satellittbilete av tyfonen «Hagupit» slik han låg i ettermiddag norsk tid.

Foto: - / Afp

– Bølgjeblekktak blir rivne av, mange tre har velta og det er ein del flaum, sa Stephany Uy-Tan, borgarmeister i byen Catabalogan på Samar til AFP like etter klokka 16 norsk tid.

Truleg er Filippinane langt betre førebudd på denne tyfonen enn dei var i november i fjor. Denne gongen har det vore omfattande evakuering, og det er håp om at «Hagupit» ikkje vil bli like øydeleggjande som tyfonen «Haiyan» i november i fjor. Då miste minst 7350 menneske livet, og dei materielle øydeleggingane var enorme.

I Tacloban, ein av byane som vart hardast ramma av tyfonen i fjor, er det ikkje meldt om skadar hittil. Over 600.000 menneske i byen er evakuerte frå heimane sine til idrettshallar, kyrkjer, forsamlingshus og andre bygningar som blir rekna som trygge.

– Dystert og spent

Nordmannen Erlend Johannesen, som driv barneheimen Streetlight i Tacloban, sa til NRK i går kveld at han var redd for kva «Hagupit» kunne føre til i byen , som enno ikkje er skikkeleg gjenoppbygd etter tyfonen i fjor.

Hittil er det ikkje meldt om skadar i byen, men han karakteriserte stemninga i byen som svært spent og dyster.

Det er natt i Filippinane no, landet ligg sju timar føre norsk tid. Tyfonen, som har ein radius på 600 kilometer, er venta å svekkje seg når han går vidare vestover. Men tyfonen er like fullt så kraftig at han kan gjere omfattande skade på vegen.

LES OGSÅ: «Hagupit» kunne føre til i byen

LES OGSÅ: Tacloban trua av ny monstertyfon

Største evakuering i fredstid

– Eg veit at de er trøytte, at de har fått for lite mat og svevn og for mykje kaffi, sa innanriksminister Manuel Roxas i ein fjernsynstale i dag. Talen var ei siste oppmoding til folk om å søkje dekning før stormen.

FN opplyser at evakueringa som er gjennomført i Filippinane dei siste dagane ei av dei største nokon gong i fredstid.

Frå eit evakueringssenter i Legazpi.

Over 600.000 menneske overnattar i evakueringssenter som dette i Legazpi i Filippinane.

Foto: Aaron Favila / Ap

LES OGSÅ: Tenner lys på årsdagen for katastrofen

LES OGSÅ: Ett år siden tyfonen traff Filippinene

SISTE NYTT

Siste nytt