Hopp til innhold

Hentar veljarar frå høgre, men lek til venstre

KØBENHAVN (NRK): Mette Frederiksen har henta veljarar tilbake frå Dansk Folkeparti med ein stram innvandringspolitikk, men det har sin pris. Mange veljarar i raud blokk kan ta endå eit steg til venstre i dag.

– Eg veit ikkje om det er politikarane som har gått eit steg til høgre, men eg hamnar i alle fall lengre til venstre, seier Christina Wetterberg til NRK.

Ho har alltid har stemt på parti i den raude blokka, men seier at denne gongen vel ho eit parti som ligg endå lengre til venstre enn det ho pleier å stemme på.

Det gjer ho fordi ho vil ha eit større fokus på behova for eldre og born, på klima, og ein ny tone i innvandringsdebatten.

– Dei har fokusert mykje på å skape eit skremmebilete av kva som skjer her i landet. Det er eg lei av, for det stemmer ikkje, slik eg ser det, forklarer Christina Wetterberg.

NRK møter henne utanfor eit vallokale i København. Sidan klokka 8 har mange danske veljarar kome for å gje si stemme i Folketingsvalet

Christina Wetterberg

Christina Wetterberg tok endå eit steg til venstre då ho stemde ved Folketingsvalet.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

Trur på ny regjering

Den raude blokka leiar på meiningsmålingane, men det er ikkje nødvendigvis berre godt nytt for Mette Frederiksen. For sjølv om ho, som leiar for Socialdemokratiet, ligg best an til å bli ny statsminister i Danmark, kan også dei mindre partia gjere eit godt val i dag.

Blir krava frå desse for tøffe, kan ho få utfordringar med å danne regjering.

Etter at ho og partiet har fremja ein strammare innvandringspolitikk har ho klart å hente tilbake mange veljarar frå det nasjonalkonservative partiet Dansk Folkeparti, men i raud blokk flyttar nå fleire seg lengre til venstre, skal man tru meiningsmålingane.

Onsdag morgon var Mette Frederiksen godt i gong med innspurten av valkampen, og delte ut roser ved Nørreport i København.

– Det har vore ein utruleg lang valkamp, og ein har tenkt at den aldri sluttar, men plutseleg er valdagen her, seier Mette Frederiksen til NRK.

Ho trur at valresultatet kjem til å bli jamnare enn målingane har vist så langt, men ho er sikker på at Danmark kjem til å få ei ny regjering.

Lars Løkke Rasmussen

Statsminister Lars Løkke Rasmussen ser ut til å ha gitt opp å få fleirtal bak ei blå regjeringa.

Foto: Philip Davali / Ritzau Scanpix / NTB scanpix

Strategisk val

Dagen før valet sleppte statsminister Lars Løkke Rasmussen ei politisk bombe. Han overraska mange veljarar ved å løyse opp den blå alliansen på borgarleg side, med Venstre, Liberal Allianse og Det Konservative Folkeparti.

Samtidig tok han til orde for regjeringssamarbeid over blokkgrensene. Han åtvara mot «ytterfløyer på begge sider», og sa at det er behov for ei samling av partia i midten.

Veljaren Marie Andersen legg ikkje skjul på at utspelet frå Rasmussen har påverka valet for henne.

– Det blir eit strategisk kryss frå meg, seier Andersen på spørsmål om kva som vert avgjerande for kva parti ho skal stemme på.

Marie Andersen

Marie Andersen håpar på eit samarbeid på tvers av den raude og blå blokka.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

– Eg stemmer radikalt, men det blir langt til høgre innan raud blokk, seier ho og viser til ønsket om samarbeid på tvers.

Stemma hennar går dermed til det liberale sentrumspartiet Radikale Venstre.

Partiet ønskjer ei heilt anna retning i innvandringsspørsmålet og ein liberal økonomisk politikk, som er noko anna enn løfta frå Mette Frederiksen om høgare skattar og avgifter og meir pengar til offentleg velferd og pensjon.

Stemmer grønt

For mange danskar er klimaet blitt ei av dei viktigaste sakene i valkampen.

– Vi har ein sjanse no dei neste åra for å setje i gang prosessen, og det trur eg at dei eg har stemt på skal klare, seier Bjørn Førde.

Bjørn Førde

Klimaet er den viktigaste saka for Bjørn Førde, som valde å stemme på Enhedslisten.

Foto: Charlotte Berrefjord Bergløff / NRK

Han har gitt stemma si til Enhedslisten, det mest venstreorienterte partiet i Danmark. Han seier at han stort sett har stemt på det same i 40 år, og at det derfor ikkje var vanskeleg å bestemme seg.

– Eg har stemt på dei eg synst er ærlege, og som forklarar ting godt, og som eg trur kjem til å halde løfta, seier han.

Om partiet han har stemt på får sjansen til å påverke klimapolitikken i ei ny regjering er enno uvisst. Dei første valdagsmålingane er venta kort til etter klokka 20.

SISTE NYTT

Siste nytt