NRK Meny
Normal

Innsett rømde frå «sikkert» fengsel

Store politistyrkar leitar etter ein 26 år gammal innsett, som i dag tidleg greidde å ta seg ut av fengselscella si utanfor Stockholm og ut i fridomen.

Arboda.anstalten utanfor Stockholm.

Ein innsett greidde i dag tidleg å flykte frå den sikre Storboda-anstalten nord for Stockholm.

Foto: Tommy Bergman / SVT

Svenske aviser melder at det vart funne eit hol i veggen på cella til mannen på Storboda-anstalten, og tre hol på utsida. Gjerdet rundt fengselet vart klipt opp, og politiet trur rømlingen har fått hjelp frå utsida.

Det vart først meldt at mannen hadde grave seg ut av fengselet, men dette blir avvist av Kriminalvården.

Vart truleg plukka opp

Politihundar har greidd å snuse seg fram til ruta mannen tok ut av fengselet, og spora stansar brått ved ein veg like ved. Her trur politiet at mannen har blitt plukka opp av ein bil.

26-åringen er dømd for alvorleg kriminalitet, blant anna eit ran av ein verditransport. Han blir oppgitt å vere 179 centimeter høg, heilt glattbarbert og med fleire tatoveringar på kroppen. Politiet oppfattar ikkje mannen som farleg for vanlege folk.

Catherine Söderberg, pressetalskvinne på Kriminalvården, kan ikkje seie noko om korleis 26-åringen greidde å kome seg ut av fengselet, men ho avviser meldingar om at han hadde grave seg ut.

Ho gjer det klart at Kriminalvården, altså Fengselsvesenet, ser svært alvorleg på saka, og at dei gjer alt som er mogleg for at det ikkje skal skje igjen.

LES OGSÅ: Sverige er på ranstoppen

LES OGSÅ: Verditransport ranet i Huddinge

– Slo seg gjennom veggen

Sjefen på Storboda-anstalten, Torbjørn Nyberg, seier til SVT at den innsette på eitt eller anna vis har greidd å slå seg gjennom veggen, døra eller vindauget på cella, og at han seinare har kome seg gjennom eit stort hol i stakitten rundt fengselet.

– Det skal vere svært vanskeleg å kome seg ut av denne anstalten, men det er tydelegvis mogleg. Eg ser på dette som eit stort nederlag for oss, men vi skal sjå på alle rutinane våre og sjå på om vi kan skjerpe tryggleiken, seier Nyberg til SVT.

Storbodaanstalten ligg i Rosersberg cirka 30 kilometer nord for Stockholm. Fengselet har 93 plassar i tryggingsklasse 2.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt