NRK Meny
Normal

Obama-administrasjonen forsvarar overvaking av nyheitsbyrå

Nyheitsbyrået Associated Press trur at over 100 journalistar er blitt overvaka av det amerikanske justisdepartementet.

Associated Press

Ein mann ser på smarttelefonen sin utanfor hovudontoret til Associated Press.

Foto: ADREES LATIF / Reuters

Det var AP sjølv som fann ut at Obama-administrasjonen har lagra to månader med kartlegging av over 20 ulike telefonlinjer nytta av Associated Press sine kontor i New York, Washington, D.C. og i Connecticut.

Gary Pruitt, sjef i Associated Press

AP-sjef Gary Pruitt reagerer sterkt på kartlegginga gjort av amerikanske styresmaktar.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Ifølgje nyheitsbyrået betyr dette at over 100 reporterar har fått kommunikasjonen sin kartlagt av justisdepartementet.

AP skildrar kartlegginga som «ein massiv intrusjon utan sidestykke.»

– Ein slik brei kartlegging av telefonkommunikasjonen til reporterane til AP kan ikkje la seg rettferdiggjere. Denne kartlegginga kan potensielt vise kommunikasjon med konfidensielle kjelder, seier Gary Pruitt, presidenten i AP.

– Dette er ein alvorleg tukling med AP sine grunnlovsfesta rettar til å samle og raportere nyheiter.

Avdekka terrorplot

AP hevdar at det er nesten sikkert at kartlegginga starta etter at AP i mai i fjor avdekka at CIA klarte å stoppe eit terrorplot i Jemen, der al-Qaida hadde planar om å sprengje eit amerikansk passasjerfly.

På dette tidspunktet sa AP seg samde med Det kvite hus og CIA om å halde tilbake noko informasjon fordi ein etterretningsoperasjon var i gang. Men AP ville ikkje gå med på å vente på den offisielle annonseringa frå Obama-administrasjonen, og publiserte saka ein dag før avtala.

Dette skal ha ført til at justisdepartementet starta ei etterforsking for å finne ut kvar lekkasjen kom frå. Fem av reporterane og ein redaktør som jobba med denne saka er på telefonlista til justisdepartementet.

(artikkelen held fram)

Eric Holder

Det er førebels uvisst om den amerikanske justisministeren Eric Holder har beordra kartlegginga. Men det er ingen tvil om at han har det øvste ansvaret.

Foto: Molly Riley / Ap

Forsvarar kartlegginga

Statsadvokatkontoret i Washington, D.C. stadfestar at dei har utstedt ei stemning for innhenting av telefonkommunikasjon, men dei ønskjer ikkje seie kva årsaka til dette var. Men justisdepartementet forsvarar avgjersla i ein generell kommentar.

– Fordi me er opptekne av pressefridom, er me alltid nøye med å balansere ønsket om frie ytringar opp mot ei ordentleg og effektiv lov- og rettsbehandling.

Tidlegare talsmann for justisminister Eric Holder, Matthew Miller, forvarar kartlegginga og seier at alternativet ville ha vore å stemne journalistane for retten.

– Det er slik lekkasjar vert etterforska. Å lekke hemmelegstempla informasjon er kriminelt, og det er vanlegvis berre to partar som veit kven som har gjort seg skuldig i dei kriminelle handlingane. Reporteren og varslaren. Ved å ha tilgang til telefonlistene kan etterforskarane sjå kven dei moglege kjeldene er, og konfrontere dei med bevis, seier Miller til Huffington Post.

Pressetalsmannen for Barack Obama ønskjer ikkje å kommentere saka overfor amerikansk media.

Obamas krig mot lekkasjar

Sjølv om Barack Obama gjekk på val som ein borgarrettsforkjempar då han vart president, har regjeringa hans stått for ein omfattande kampanje i amerikanske rettssalar for å sanksjonere mot varslarar.

Obama-administrasjonen har ført seks saker i retten mot personar som er mistenkte for lekkasjar. Dette er ifølgje AP meir enn under alle tidlegare presidentar til saman.

Ei av desse sakene handlar om ein tidlegare CIA-offiser som kom i trøbbel med Obama-administrasjonen etter å ha kome med detaljerte opplysningar om torturmetoden «waterboarding». Ei anna kjelde i National Security Agency vart dømd for å gi informasjon om ein stor kostnadssprekk i eit dataprogram.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt