Hopp til innhold

Innrømmer at valet av tolk kan ha vore dårleg

Thamsanqa Jantjie stod på scena under Mandelas minneseremoni og veifta med hendene. Ikkje snakka han teiknspråk, og sjølv skuldar han på schizofreni. No innrømmer sørafrikanske styresmakter at dei kan ha gjort feil val av tolk.

Hendrietta Bogopane-Zulu snakker om tegnspråktolk

Hendrietta Bogopane-Zulu innrømmer at det kan ha skjedd ein feil i valet av tegnspråktolk.

Sørafrikanske styresmakter innrømmer no at valet deira av teiknspråktolk til Nelson Mandelas minneseremoni kan ha vore eit dårleg val.

Thamasanqa Jantjie var mannen som forundra ei heil verd då han stod på scena og gestikulerte med hendene sine. I fire timar haldt han ut, utan at nokon forstod noko særleg av det han mimte. I ettertid har skandala skapt ein storm av kritikk mot dei sørafrikanske styresmaktene for valet av teiknspråktolk.

– Det kan ha skjedd ein feil, når fleire menneske ikkje har forstått teiknspråktolken, seier Hendrietta Bogopane-Zulu, viseminister for kvinner, barn og personar med funksjonshemmingar.

Visestatsministeren seier at dei no undersøker om Jantjie vart hyra inn på vanleg måte, og om han i det heile tatt var gjennom ein tryggingskontroll før han entra scena.

Jantjie skal ha vore langt billigare enn andre tolkar, seier visestatsministeren, som også legg til at tolkane vanlegvis skal ha ein pause kvart tjuande minutt, for å halde på konsentrasjonen. Jantjie stod på scena i fire timar i strekk.

Sjå Thamasanqa Jantjie i aksjon ved sida av mellom andre Barack Obama

Tegnspråktolken tolket for døve ører med tulletegnspråk, hevder det sørafrikanske døveforbundet.

SISTE NYTT

Siste nytt