Hopp til innhold

Innfører unntakstiltstand i Egypt

Presidenten i Egypt innfører unntakstilstand og portforbod i tre provinsar etter den dødelege uroa som har prega landet i helga.

Masse-gravferd i Port Said, Egypt

Sørgjande egyptarar ropar protest-slagord under massegravferda i Port Said døndag. Meir enn 50 menneske er drepne i politisk uro i Egypt i løpet av helga.

Foto: STR / Ap

Presidenten i Egypt Mohammed Morsi

Presidenten i Egypt Mohammed Morsi kallar inn sentrale politikarar i landet til krisemøte for å finna ei løysing på den urolege situasjonen.

Foto: - / Afp

Ein sint Mohammed Morsi talte på egyptisk fjernsyn søndag.

Han følgde tilrådinga som det nasjonale forsvarsrådet kom med laurdag, og erklærte unntakstilstand og innførte portforbod i dei tre Suezkanal-provinsane Port Said, Ismailiya og Suez.

Desse byane er hardast råka av den politiske uroa som har kravd meir enn 50 menneskeliv i løpet av dei siste tre dagane.

Hundrevis trossar forbodet

I den kringkasta talen ga presidenten klar beskjed om at han ikkje ville nøla med å setja i verk enda meir drastiske tiltak for å få bukt med opptøyane.

I Ismailiya, aust for hovudstaden Kairo, tok om lag 200 menneske til gatene i protest like etter at portforbodet blei innført. «Ned med Morsi, ned med unntaktstilstanden», ljoma det frå folkemengda.

Menneskerettsaktivistar seier unntaktstilstanden vil gje politiet vide fullmakter til å arrestera folk som dei meiner utgjer ein fare for tryggleiken i samfunnet.

Krisemøte måndag

Morsi inviterte også alle sentrale politiske krefter i landet til å setja seg saman for å løysa den alvorlege krisa som no rir landet.

Politikarane i det nordaust-afrikanske landet vil dermed samla seg til krisemøte førstkomande måndag.

Mange egyptiske borgarar er svært misnøgde med utviklinga i landet etter revolusjonen, og meiner dei nye politiske leiarane ikkje har innført reformane som var lova, ei styrkja dei demokratiske institusjonane.

SISTE NYTT

Siste nytt