NRK Meny
Normal

Svensk skule innfører kjønnsnøytral garderobe for elevane

Söndra Latins gymnasium i Stockholm blir den første skulen i Sverige med omkledningsrom for dei som ikkje passar inn i jente– eller gutegarderoben.

Illustrasjonsbilde kjønnsnøytral garderobe

Elevar som ikkje er tilfredse med dei tradisjonelle kjønnsomgrepa får no sitt eige omkledningsrom. Illustrasjonsbilete.

Foto: Rolf Marnburg/NRK/Wikimedia Commons

Om knappe to veker opnar eit tredje alternativ for elevane ved Stockholm-skulen når dei skal kle seg om til gymtimen.

På Söndra Latins gymnasium går det nemleg fleire LHBT-elevar som ikkje kjenner seg komfortable med å bruke jente- eller gutegarderoben. (LBGT er eit samleomgrep som omfattar lesbiske, homofile, bifile og transpersonar)

Tolerant skule

Skuleleiinga har difor i samband med elevrådet bestemt at det skal opnast ein kjønnsnøytral garderobe på skulen.

– Det er for dei elevane som ikkje vil identifisera seg som kvinne eller mann, seier elevrådsrepresentanten Camille Trombetti til Dagens Nyheter.

Skulen skal ha eit rykte på seg for å vere svært tolerant når det kjem til kjønnsspørsmål. Dei har difor ikkje kome negative reaksjonar på avgjersla.

Omkledingsrommet skal vere tilgjengeleg for alle som ønskjer å bruke det, og skal vere tilgjengeleg for ein person om gangen.

«Hen» i staden for han eller ho

Sverige er kjend for å ligge langt framme i å tilretteleggje samfunnet for dei som ikkje definerer seg som mann eller kvinne. Kjønnsnøytral oppdraging har kome meir og meir på dagsordenen dei siste åra.

Barnehagen Egalia i Stockholm nyttar til dømes ein kjønnsnøytral omtale av borna. I staden for å seie han eller ho nyttar dei det kjønnsnøytrale «hen». Føremålet er å forhindre at barn kjem inn i kjønnsstereotypiar.

Kjønnsnøytral oppdraging er likevel kontroversielt i Sverige. Kritikarane har meint at ein kjønnsnøytral oppdraging fører til at ein begrensar oppveksten til barna.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt