Hopp til innhold

Inndrar leiker og deler ut til dei fattige

Styresmaktene i Venezuela gjer ekstraordinære grep for å sikre julestemninga i det kriseramma landet.

Beslag av leketøy i Venezuela

Væpna soldatar storma to varelager i Caracas laurdag, og konfiskerte nær 4 millionar leiker.

Foto: FEDERICO PARRA / Afp

Direktørane av to leiketøyselskap har blitt arresterte, og meir enn fire millionar leiker konfiskert, skriv BBC. Skuldingane er at selskapa har utnytta den ekstreme inflasjonen til å hamstre leiker og å auke prisane med opp til 50 000 prosent, ifølge landets forbrukartilsyn, Sundde.

Eitt av selskapa, Kreisel, hevda at årsaka til at dei sat på desse mengdene var at leikene var utdaterte.

Styresmaktene, som førre veke beordra hundrevis av butikkar til å innføre obligatorisk julesal, seier at dei no vil gi leikene vidare til fattige.

Handelsstanden: – Populisme

– Arbeidarpresidenten vår har bede oss garantere rettferdige prisar for folket, og det rettar vi oss etter. Desse «økonomiske leigemordarane» kan ikkje øydelegge jula vår, sa Sundde-leiar William Contreras.

Nicolas Maduro

Oppslutninga om president Nicolás Maduro har stupt i takt med at krisa har forverra seg. I oktober var oppslutninga om presidenten for første gong under 20 prosent, ifølge meiningsmålingsbyrået Datanalisis.

Foto: HANDOUT / Reuters

Og det er ikkje første gong den sosialistiske presidenten Nicolás Maduro blandar seg inn i marknaden.

Bakgrunnen er eit lovverk regjeringa innførte i 2013 som let regjeringa bestemme prisar og diktere kor mykje forteneste det er lov å ta.

Regjeringa skuldar butikkeigarane for å skru opp prisane med alt frå 300 til 500 prosent, noko skoseljar Juan Vieira og andre næringsdrivande nektar for, ifølge AFP. Dei kallar det ei populistisk handling, og at styresmaktene tvingar dei mot konkurs.

– Kva er vitsen med å selje sko om eg så å seie gir vekk produktet? seier den frustrerte skoselgaren til AFP.

Han seier at om det held fram som dette vil han gå tom for varer om ein månad, og han vil kanskje bli nøydd til å stenge butikken som han har drive sidan 1995. Han måtte stenge ein andre skobutikk i 2010 då Maduros forgjengar, Hugo Chávez, la beslag på bygget butikken var i.

Slit med å dekke grunnleggande behov

Mange av kundane er derimot nøgde med salet.

– Dette er det beste regjeringa kunne ha gjort, fordi no må ein nesten slutte å ete om ein skal ha råd til ei t-skjorte, seier 19 år gamle Yaroski Mendoza til AFP.

Ho står i kø, ein aktivitet venezuelarane har blitt smertelege vane med.

Kø i Caracas, Venezuela

Venezuelanar i kø, nok ein gong – denne gongen for eit julesal som regjeringa har påtvunge butikkane.

Foto: FEDERICO PARRA / Afp

Det oljerike landet har i lang tid vore hardt ramma av matmangel og skyhøg inflasjon. Mange må ty til svartebørsen for å få kjøpt det dei treng, og med inflasjonen som IMF seier er venta å nå 475 prosent, får ein berre kjøpt varer til ein verdi av 20 dollar for ein månadsløn, ifølge Bloomberg Markets.

For ei veke sidan blei Venezuela suspendert frå det søramerikanske fellesmarknaden Mercosur, og opposisjonen har i fleire månader kravd ei folkeavstemming som dei håpar vil felle Maduro, noko som førre månad blei avvist av høgsteretten i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt