Hopp til innhold

Ingen vitjar Sfinksen lenger

Då den folkelege oppstanden starta i Egypt for vel to veker sidan, var det over ein million turistar i landet. I dag er det ingen som vitjar pyramidane og andre kjende turistmål.

Video Opprøret har skremt bort turistane

VIDEO: Folketomme turistattraksjonar i Egypt.

Lite å gjere for suvenir-seljarar ved pyramidane i Egypt

Suvenir-seljarane ved pyramidane er forsiktige optimistar.

Foto: EBU

Det er snakk om eit tap tilsvarande nesten to milliardar norske kroner kvar dag, ifølgje den franske fjernsynstasjonen FRTF1. Inntektene frå turismen utgjer mellom fem og seks prosent av dei samla inntektene til Egypt.

Vintersesongen er øydelagt, og sommarsesongen er i beste fall usikker. Dette er katastrofalt for eit land der turistane representerer mellom fem og seks prosent av inntektene.

Meir fattigdom

Ingen veit kva konsekvensar det vil få for den egyptiske økonomien dersom turistane blir borte over lenger tid, bortsett frå at eit fattig land vil bli endå fattigare.

Eit team frå FRTF1 har vitja pyramidane i Gizo utanfor Kairo. Det er ingen turistar å sjå ved Sfinksen eller dei andre verdskjende attraksjonane, og det er ingen som kjøper suvenirar i dei mange suvenirbutikkane.

Nokre turistbutikkar held ope enno, men langt dei fleste har stengt dørene inntil vidare.

- Egypt er eit stort land, elska verda over. Eg reknar med at turistane kjem igjen ganske snart, seier ein butikkeigar håpefullt.

Ingen kjøper suvenirar lenger

Det er ingen etterspurnad etter suvenirar lenger.

Foto: EBU

Ein anna butikkeigar som framleis held ope, har tru på den nye regjeringa Mubarak har utnemnd. Han seier at innbyggjarane alt har oppnådd mykje, og han har håp om at det snart blir normale tilstandar i landet.

Dette skjer samstundes med at demonstrasjonane mot Mubarak held fram med full styrke. I eit ørkenområde sør i Egypt i dag vart fleire demonstrantar drepne i samanstøytar med tryggingspolitiet. Over 100 er såra.

Alt er usikker i Egypt for tida.

LES OGSÅ: Håper Egypt ser mot Tyrkia

LES OGSÅ: Al-Qaida-medlemmer rømte fra fengsel i Egypt

Maktkampen kan vare lenge

Dei siste dagane har demonstrasjonane i dei store byane vore fredelege, men ingen veit kor lenge det vil vare. Fleire observatørar trur maktkampen mellom Mubarak og demonstrantane kan vare i fleire månader.

Så lenge den politiske situasjonen er så usikker, er det lite truleg at dei store turoperatørane vil ta opp igjen trafikken til Egypt.

I feriebyane på Sinaihalvøya, slike som Sjarm el Sheik og Hurghada, er det også stille. På denne tida av året skulle det ha myldra av utanlandske turistar her, blant dei fleire tusen nordmenn.

Men det er tomt på hotella og restaurantane, og tilbake sit fleire tusen tilsette utan inntekter. Mange av dei har reist frå andre kantar av Egypt til desse turistbyane for ein jobb i turistindustrien og det som har vore ei sikker inntekt.

Politi på kamelar ved pyramidane

Det er lite å gjere også for politifolka som står for tryggleiken ved pyramidane.

Foto: EBU

LES OGSÅ: Ny massemønstring mot Mubarak

LES OGSÅ: Dette er Sharm el sheikh denne uken

SISTE NYTT

Siste nytt