Hopp til innhold

Ingen verdig afrikansk demokrativinnar – i år heller

Den rike forretningsmannen Mo Ibrahim gir pengar og ære til afrikanske presidentar som har vist godt leiarskap. Men heller ikkje i år fann juryen ein president frå Afrika som hadde klart å gjere seg prisen verdig.

Britain Ibrahim Prize Mo Ibrahim

Heller ikkje i år var det nokon som var verdt å få pengar frå telekom-giganten Mo Ibrahim frå Sudan. Kvart år gir han tidlegare statsleiarar i Afrika sjansen til å ta imot pengar og ære, om dei berre har oppfylt hans krav til godt leiarskap.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

Det er den prisen i verda kor vinnaren, som alltid er ein einskild person, får mest pengar. Minst 30 millionar kroner ventar den tidlegare afrikanske statsleiaren som fortener prisen.

Kriteria for å vinne er, i korte trekk, at ein tidlegare statsleiar har gitt frå seg makta frivillig etter å ha styrt landet på ein god måte.

Sjeldan pris

Men prisen deles ikkje ut utan vidare. I løpet av dei siste fem åra er prisen berre blitt delt ut ei gong. For heller ikkje i år klarte juryen å finne ein statsleiar som dei meiner oppfyller krava. Den siste vinnaren er framleis tidlegare president på Kapp Verde Pedro Verona Pires, som vann i 2011.

– Etter nøye vurderingar har juryen kome fram til prisen ikkje skal delast ut i 2013, sa juryformann Salim Ahmed Salim ifølgje AFP under dagens utdeling, som ikkje vart ei utdeling.

Juryen la til at dei ikkje kjem til å gjere det enklare å få prisen, sjølv om ingen vann den i år heller. Jurymedlem Mary Robinson frå Irland seier at juryen har forventa at prisen ikkje ville bli delt ut kvart år, og set også spørsmålsteikn ved om ein liknande pris i Europa hadde gitt så mange fleire vinnarar.

Rapport syner positiv utvikling

Samstundes som prisen deles ut, eller ikkje deles ut, så legg Mo Ibrahim Foundation fram ein rapport om demokrati og styresett i Afrika. Og sjølv om ikkje juryen klarte å finne nokon grunn til å premiere ein statsleiar i år, så kan stiftelsen rapportere om framgang innan demokrati og styresett i Afrika det siste året.

LES OPPSUMMERING AV RAPPORTEN: Ibrahim Index of African Governance

I rapporten vert alle afrikanske land vurdert, med unntak av Sudan og Sør-Sudan der det ikkje finst talgrunnlag til vurdering. Vurderingskriteria er delte opp i fire grupper:

  • Tryggingssituasjon og graden av rettsstat
  • Folkeleg deltaking i samfunnet og menneskerettar
  • Varige økonomiske moglegheiter
  • Levekår

Stor framgang på fleire felt

Samanlikna med tal frå 2000 har alle land på det afrikanske kontinent opplevd framgang når det kjem til levekår. Det betyr betre tilgang til utdanning, tilgang til vatn og mat, sanitære forhold og andre grunnleggjande behov menneske skulle ha.

45 av dei 52 landa har hatt utvikling innan den økonomiske sektoren, og 35 har fått betre tilhøve innan menneskerettar og folkeleg samfunnsdeltaking. Når det kjem til tryggingssituasjonen er det derimot berre 20 land som kan skilte med betre resultat i år, samanlikna med rangeringa frå 2000.

Høyr meir om Mo Ibrahim Radioselskapets (P2) Afrikskule.

Landet med den største samla framgongen sidan 2000 er Liberia, etterfølgt av Angola, Sierra Leone, Rwanda og Burundi.

Men det har også vore tilbakegang i fem land. Madagaskar har opplevd størst tilbakegang, med Eritrea, Guinea-Bissau, Somalia og Libya hakk i hæl. Sjå meir detaljar i tabellen under.

Det er Sentral-Afrika med land som Kongo Dem. Rep, Sentralafrikanske Republikk og Tsjad som scorar lågast på rankinga, medan det sørlege Afrika tronar på toppen.

Mo Ibrahim-prisen

  2013

Land

Plassering 2012

1

 Mauritius

 -

2

Botswana 

 + 1

3

 Kapp Verde

 - 1

4

 Seychellene

-

 Sør-Afrika

-

6

 Namibia

-

7

Ghana

-

8

Tunisia

-

9

Lesotho

-

10

Senegal

 + 6

11

 Sao Tome og Principe

-

12

 Zambia

-

13

 Benin

-

...

...

...

40

Burundi

- 3

41

Nigeria

+ 2

42

Guinea

-

43

Kongo-Brazzaville

- 2

44

Elfenbeinskysten

+ 2

45

Ekvatorial Guinea

- 1

46

Guinea-Bissau

- 1

47

Zimbabwe

-

48

Tsjad

+ 2

49

Sentralafrikanske Repbulikk

- 1

50

Eritrea

- 1

51

Kongo Dem. Rep

-

52

Somalia

-

Ekspander/minimer faktaboks

SISTE NYTT

Siste nytt