Hopp til innhold

– Ingen har råd til å tape på våpendebatten i USA

Etter massakren i Colorado er det få i USA som tør å diskutere våpenlovgivinga. Mange legg skulda på lobbyorganisasjonen NRA, men det store engasjementet blant folket manglar.

Våpenkonferanse i USA

«Eg støttar det andre grunnlovstillegget med stoltheit», står det på på skjorta til denne mannen under ein våpenkonferanse i St. Louis.

Foto: Whitney Curtis / Afp

Filmskapar Michael Moore gjorde dei kjend i filmen Bowling for Columbine, som handla om skuleskytinga i Colorado i 1999 – berre kilometer frå staden der kinomassakren skjedde for ei knapp veke sidan.

NRA, National Rifle Association, er blant sterkaste lobbyorganisasjonane i USA. Dei kjempar for amerikanarane sin grunnlovsfesta rett til å bære våpen, og skrik ut kvar gong nokon prøvar å utfordre dette.

– Me gjer absolutt alt dei seier. Dei har stoppa debatten om våpenkontroll, seier ein demokrat til Washington Post.

Ikkje alltid vore tabu

Men sjølv om våpenrettane alltid har stått sterkt i amerikansk historie, har det ikkje alltid vore like tabu for politikarane snakke om det som i dag.

I 1968, etter at John F. Kennedy, Robert F. Kennedy og Martin Luther King vart skotne, beslutta den amerikanske kongressen å gjere det umogleg å kjøpe våpen for mentalt sjuke. Dette var støtta både av demokratar og republikanarar.

I 1993 innførte Kongressen krav om bakgrunnssjekk ved våpenkjøp, eit forlslag støtta av tidlegare president Ronald Reagan, som sjølv vart skoten i 1981. Eit år seinare vart det, med delvis republikansk støtte, innført eit forbod mot automatvåpen.

Så seint som i 2002, då republikanarane sin presidentkandidat Mitt Romney var på veg til å bli Guvernør i Massachusetts, framstilte han seg sjølv for å vere «tøff på våpen».

Men noko har skjedd i løpet av dei siste tiåra.

Forbodet mot automatvåpen gjekk ut i 2004, og få har teke til orde for å fornye det. Korkje Mitt Romney eller Barack Obama har knapt nemnt dette etter at 12 vart drepne og 58 skada i kinomassakren i Colorado.

James Holmes, som er mistenkt for massakren, nytta eit våpen som hadde vore ulovleg før 2004.

Demokratane tør ikkje ta debatten

Senatoren som sto bak i den originale lova som gjorde automatvåpen forbode vedkjenn sjølv at det er ei tapt sak å få forbodet tilbake. Ho legg skulda på NRA.

– Det hiv mykje pengar etter valkampanjar, og nokre politikarar har mista jobben etter at dei stemte for forbodet tidlegare, seier den demokratiske senatoren Dianne Feintein.

Og det er ikkje overraskande republikanarane som får dei største pengane. For kvar demokrat som får pengestøtte så er det seks republikanarar. Ved mellomvalet i 2010 gav dei nesten 50 millionar kroner til pengedonasjonar.

– Demokratane har bestemt seg for at våpenkontroll ikkje er ei sak dei har råd til å tape på. Det er politisk og moralsk galt, seier Daniel Webster i Center for Gun Policy and Research.

Det mest konkrete dømet på dette kom etter innføringa av våpenlova i valåret 1994. Då overtok republikanarane begge kamra i Kongressen, i eit av dei beste vala dei noko gong har gjort. Våpendebatten var då ein viktig faktor.

Folkeoponionen har snudd

Men det blir ikkje riktig å berre skulde på lobbyismen. Ifølgje meiningsmålingar var det langt fleire som ville ha strengare våpenlovar for nokre tiår sidan enn i dag.

I 1990 ville heile 78 prosent av amerikanarane ha strengare våpenlovar, ifølgje ein meiningsmåling gjort av Gallup. I fjor stilte dei det same spørsmålet, og berre 43 prosent svarte ja.

Men folket er ikkje enige med NRA om at lovane skal bli endå meir liberale enn dei er i dag. Berre 11 prosent svarar at dei vil dette. Men NRA har vunne den prinsipielle debatten om at folk skal ha rett til å eige våpen med minimal statleg innblanding.

Det er også hevda at NRA si påvirkning er blitt overdriven i media. Sjølv om dei gir pengar til rundt 200 valkampanjar kvart valår, så er dei fleste av donasjonane relativt beskjedne.

– Det er mange myter der ute om kor mykje makt NRA eigentleg har. Det er vanskeleg å peike på tilfeller der NRA har avgjort ein bestemt valkamp, seier valforskar Paul Waldman til Bloomberg.

Færre drap i dag

Samfunnsforskarar har ulike meiningar om kvifor folkeoponionen har snudd i våpenspørsmålet. Ei av forklaringane kan vere at kriminaliteten er mykje lågare no. For 20 år sidan var drapsraten mykje høgare, og politikarar argumenterte ofte for strengare våpenlover for å kjempe mot kriminaliteten.

Det er usemje om nedgangen i valdskriminalitet har ein direkte samanheng med dei strengare våpenlovene, men den har gjort at tilhengjarane for strengare lover har blitt færre.

Våpentettleiken har likevel blitt mindre i USA. I 1977 var det eit skytevåpen i 54 prosent av alle hushaldningar. I dag er dette talet krympa til ein tredjedel, skriv Bloomberg.

Men det finst likevel framleis rundt 250 millionar skytevåpen i USA, som har litt over 300 millionar innbyggjarar.

SISTE NYTT

Siste nytt