Hopp til innhold

Ingen over, ingen ved sida

Det skal finnast over 300 fredsprisar rundt om i verda. Men ingen av dei kan konkurrere med Nobels fredspris, skriv Gunnar Myklebust i sin kommentar.

Muhammad Yunus på vei til flyet som skal ta ham til Norge
Foto: ZIA ISLAM / AP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Enkelte av det 300 prisane har mykje meir pengar i potten enn den som delest ut i Oslo.

Men ingen kan konkurrere med Nobels fredspris, det mest prestisjefylte som eit menneske kan håpe å oppnå, som ein amerikansk professor noe overstadig sa det, OL-gull og Oscarstatuettar medrekna.

Merkenamn

Samtidig er det noe verdig, formelt og lite sjølvsentrert rundt fredsprisen som heilt manglar i Oscarsirkuset. Det merkesterke Nobelnamnet osar av respekt og seriøsitet.

Det er ein pris ein heil nasjon kan sole seg i. Da Leger Uten Grenser fekk prisen i 1999, kalla president Jacques Chirac det ei ære for heile Frankrike. At Mohammad Yunus får prisen i år, er noe av det største som har skjedd Bangladesh, hører vi.

Derfor rettar verda blikket mot Oslo og døra i Nobelinstituttet i oktober kvart år i spenning om kven den utvalte er denne gongen.

Det er ein utbreidd sport å drøfte kva slags verknad prisen eigentleg har. Nobels fredspris har knapt stansa noen krig, eller vist seg som garantist for framtidig fred. Oslo-prosessen har vore død i fleire år nå, trass i Nobelprisen til Arafat, Peres og Rabin i 1994.

Solskinnspolitikken til Kim Dae-jung er nærast på skraphaugen i dag. Dalai Lama er framleis i eksil, og Aung San Suu Kyi sit ennå i husarrest. Men både ho og Dalai Lama og Roberta Menchu har fått internasjonal merksemd gjennom prisen.

 

Fredsvake i Burma
Foto: AFP / AFP

 

Og mange meiner at Aust-Timor kan takke Nobelkomiteen for sjølvstendet.

Opnar dører

Mange prisvinnarar fortel at tildelinga har opna dører som tidlegare var stengte. Jodi Williams, leiaren for kampanjen mot landminer, seier at det plutseleg var presidentar og utanriksministrar som tok imot der det tidlegare var tredjesekretæren som stilte.

Mange tildelingar har vore kontroversielle. Komiteen bomma stygt da Henry Kissinger og Le Duc Tho blei tildelt prisen for våpenkvila i Vietnam og mange hadde problem med å sjå fredssida ved den amerikanske utanriksministeren.

Folk som fortente prisen, fekk den aldri, som Mahatma Ghandi. Men det synest å vere brei semje om at dei klart feilaktige tildelingane er få.

Tidvis har Nobelkomiteen vist stort mot. Som da den ga prisen til den tyske pasifisten Carl von Ossietzky i 1936 og gjorde Hitler så rasande at han la ned forbod for alle tyskarar mot å ta imot Nobelprisen i noe som helst noen gong.

Spark til Bush

Ei god tildeling skal vekke kjensler og diskusjon, den samstemte vinnaren er både kjedeleg og fort glømt. Nobelkomiteen nektar seg ikkje å vere politisk. Ved å vere aktuell, men gjerne indirekte.

Både prisen til Jimmy Carter i 2002 og til Det internasjonale atomenergibyrået i fjor blei tolka som spark i leggen til president Bush og Irak-politikken hans.

Kritikarar vil det alltid vere. I år vil noen hevde at kampen mot fattigdommen er langt forbi det Alfred Nobel hadde i tankane for ein fredspris. Andre vil ha innvendingar mot sjølve prisvinnaren.

Mohammad Yunus får kanskje mye merksemd og internasjonal applaus, men må også finne seg i at kritikarane hans får ein større arena - dei som kritiserer han og ideen hans for å satse for mye på vestlege donorar, eller å vere for streng med tilbakebetalingar og rente og aldri vil kunne hjelpe dei aller, aller fattigaste.

Nobelkomiteen oppgir aldri kandidatlista si. Men når så mange har rett til å foreslå kandidatar, trur vi gjerne det som seiest, at både Stalin og Mussolini har vore foreslått. Og Adolf Hitler.

I 1934 var det noen som meinte at Hitler burde få Nobels fredspris - for ikkje å ha tatt Austerrike. Det gjorde han noen år etterpå, da Ossietzky hadde fått sin pris.

Så nå kan vi bare spekulere i korleis verdshistoria hadde vore - om Hitler hadde blitt kalla til Oslo den gongen.

 

Carl Von Ossietzky
Foto: Scanpix / Arkiv / SCANPIX

 

SISTE NYTT

Siste nytt